Samtalen
«Eg har studert politikk, ikkje fiskerisektoren!» Om lag slik ordla han seg, ein av mine medstudentar ei av dei fyrste vekene me var i praksis på ein ungdomsskule. Han er ikkje den einaste med liknande erfaringar.
FYRST EIN GRAD, eller i alle fall 180 studiepoeng med minst to årseiningar, i et undervisningsfag for ungdomsskulen eller vidaregåande. Deretter eit år praktisk pedagogikk. 14 veker teori, 14 veker praksis i skulen. Dette er eit av løpa som kan gjera deg til lærar. Til ein person som skal leggja opp undervising ut frå læreplan, moglege emne og fordjupingsgrad og tida ein har til rådvelde. Som skal snakka til og med menneske som er fleire år yngre og ikkje nødvendigvis like motiverte som våre medstudentar.
EIN TING ER korleis ein lærarstudent taklar møtet med elevane. Ein annan ting korleis me klarar overgangen frå faga me har studert til faga me skal undervisa i. Kva kan me ta med oss frå våre studium til klasserommet og det emnet me skal undervisa i? Vanlegvis plar ein verta meir og meir spesialisert etterkvart som ein klatrar i undervisningssystemet. Så korleis er overgangen attende til grunnskulen? Korleis høver faga ein sjølve har studert med dei emna ein skal undervisa i? Det er dette eg såg på ut frå eigen og to medstudentars erfaringar i løpet av vår fyrste praksisperiode.

Aleksander Vestby Husøy
Bachelor i samanliknande politikk og årseining i engelsk
Undervisningsfag: samfunnsfag og engelsk
I ENGELSK PÅ universitetet handlar det om både grammatikk, fonetikk og lingvistikk, og kultur og litteratur, med lik vekt på båe. Når det kjem til undervising i ungdomsskulen har eg brukt det me lærte om grammatikk, men noko forenkla. Fonetikk har med uttale, korleis me fysisk brukar taleorganet. Dette kjem jo inn når ein skal forklara kvifor engelsk har a eller an når det skal vera bestemt form. Det har ei forklarig frå korleis ein uttalar orda som kjem etter, ikkje ei grammatisk grunngjeving. Lingvistikken kjem litt fram i og med at elevane skal læra å forstå engelsktalande frå andre delar av verda, og at engelsk vert talt ulikt på ulike stader og i ulike miljø, altså sosiolingvistikk. Tekstane som elevane les er på eit enklare nivå, og ofte ikkje så lange. Temaet i desse tekstane plar vera stader, historiske hendingar eller personar eller tekstsjangrar. Her kan ein henta inspirasjon frå tekstar frå studiet, stader ein sjølve har vore, eller eigne interesser. Det siste gjorde eg bruk av. Eg har ei stor interesse for fantasylitteratur, og me lærte vekk sjangertrekk og lot elevane skriva eigne tekstar.
I BACHELORGRADEN min er det litt generell sosiologi, samfunnsvitskap, og metodikk frå ex-phil. For dei som ikkje er inne i kva sam.pol. er, så lærer ein om politiske styringsformer, korleis politikk vert drive og kva kriterier som er gyldige for å samanlikna system med kvarandre. Ein ser på kvifor noko fungerer betre i eit system ein stad enn i andre. Til dømes kvifor alle land i Latin-Amerika valde eit system med president, og kvifor dette feila i nesten alle land. Kvifor er den einaste vellukka presidentsstaten USA? Dette er det lite av i ungdomsskulen, og samfunnsfaget er eit svært vidt fag. Eg underviser i geografi, her er det inga dekning i min fagkombinasjon, og grunna utveksling hadde eg ikkje faget i vidaregåande skule heller. I 8. klasse er eit av temaa forvitring, erosjon og korleis fjell vert til. Dette er det vanskeleg å knytta til samfunnsfag, og det skal ein heller ikkje. Når det gjeld historiedelen har me på 9. trinn vore innom den industrielle revolusjon, og her kan ein trekkja inn sosialhistoriske element, for her er det viktig. Likeeins er fordelingspolitikk naturleg å trekkja inn når me har om jordbruk og fiske.
I DIDAKTIKKTIMANE har me særleg vore opptekne av ulike problemsstillingar som går på korleis elevane lærer faget og korleis ein kan læra frå seg. Noko har vore praktisk retta. Lærebokresearch til dømes. Me har sett på kvifor den og den boka er god, og når ein må eller kan gå utanfor boka, for avveksling eller for å få med det boka ikkje dekkjer godt nok. I engelskdidaktikken har me dessutan sett på utviklinga av korleis ein har lært vekk språk. I dag er det å læra engelsk meir likt det å læra norsk. Dei fleste har gode føresetnader av di dei vert eksponerte for det gjennom filmar, fjernsyn og popmusikk. Motivasjonen er også høgare av di ein ser bruksområde, det vert matnyttig. Dette skil engelsk frå dei andre framandspråka. Ellers har eg sakna praktiske døme på korleis ein organiserar ein undervisningstime. Korleis bør inndeling mellom teori og oppgåver elevane gjer vera. Her har eg følt meg litt usikker.

Marianne Boge Karlsen
Bachelor i fysikk
Undervisningsfag: naturfag og matematikk
MATEMATIKKEN ER vel den som er greiast å forhalda seg til. Det største problemet har vel vore å koma ned på rett nivå sjølve. Det er mykje av det enkle som vert gløymd når faga heiter «funksjonar med fleire variable» eller «differensiallikningar». Då me i ein matematikkdidaktikktime fekk i oppgåve å dividera to enkle brøkar på kvarandre og forklara kvifor me gjorde det på denne måten, oppdaga eg at den oppgåva hadde eg ikkje fått til utan kalkulator. Skræmande, for det er ein teknikk som ein også nyttar når det gjeld meir kopliserte uttrykk. Dette syner vanskane med å kunne forklara til elevane. Det har uansett gått relativt greit. Geometri er det kan hende lenge sidan eg har vore borti, men eg kom raskt inn i det att. Trass alt snakkar me om det som har vore yndlingsfaget mitt sidan barneskulen.
NATURFAGET ER ei anna historie. I den tida eg har vore inne i naturfagsklassar har eg berre undervist i eitt tema som eg har hatt i utdanninga, klassisk mekanikk. Det vil seia tyngdekraft, Newtons lovar og friksjon. Eg har spesialisert meg innan akustikk, eit tema ein knapt er innom. Når eg no har arvelære på 10. trinn og bergartar med 8. er eg på gyngande grunn. Det siste temaet heng saman med ytre og indre krefter som endrar jorda, det vil seia jordskjelv, vulkanar, isbrear og liknande, og overlappar delvis med samfunnsfaget. Me har faktisk nytta samfunnsfagsboka til tider. At både eg og mine medstudentar, som har heilt andre fag, skulle undervisa om isbrear til 8. trinn var ganske rart å oppdaga. Eg har og hatt ein time om ljos. I løpet av 40 minutt hadde eg fortald halvdelen av det eg veit om emnet sjølve. Heldigvis har me didaktikktimar i naturfag saman med dei som har hatt biologi og kjemi, slik at når det har vore døme på undervisningsopplegg, har det vore frå ulike fagområde. I tillegg får ein lært litt når ein snakkar med medstudentar, og så er det berre å setja seg ned og lesa i bøkene og sjekka ut nettsider. Det fins heldigvis mange resursar til oppgåver og øvingar der. Pluss lærarane på skulen, som har undervist i dette tidlegare.

Øystein Kummen
Master i sosiologi og årsstudium i historie
Undervisningsfag: samfunnsfag
SAMFUNNSFAGET i ungdomsskulen er veldig variert, det er emner frå historie, geografi og samfunnskunnskap. I geografidelen er det til dels stor forskjell frå sosiologien, spesielt dei delane som går på kreftene i naturen. Her måtte eg starta frå bunnen av. Nyare historie og samfunnskunnskap, derimot, ligg tett opp mot dei generelle tema i sosiologien og spesialiseringsemna mine, som er økonomisk sosiologi og arbeidssosiologi. Her ligg styrken i sosiologien, han er mindre avgrensa enn andre samfunnsvitskapar. Det dreier seg om sosiale prosessar, årsaker og samanhengar. Dette kan ein overføra til dei fleste tema. Til dømes handla mastergraden min om konsekvensane av kommunikasjonsteknologi i arbeidslivet. Sjølv om det har lite med dampmaskiner å gjera har endringsprosessane og konsekvensane av desse mange likskapstrekk som ein kan nytta når temaet er den industrielle revolusjonen.
EMNER EIN ER INNOM I DEI ULIKE FAGA:Matematikkfaget: geometri, algebra, statistikk, brøk, likningar med ein ukjend, trigonometri, måling, prosentrekning.
Naturfaget: biologi, geologi, organisk kjemi, geografi, økologi, uorganisk kjemi, fysikk, zoologi.
Samfunnsfaget: nyare historie, samfunnsfag, geografi, geologi, eldre historie,
Engelskfaget: gramatikk, ordforråd, munnleg og skriftleg forståing, produksjon av eigne tekstar.