Arkiv for kategorien 'tema: Stoff'

MADE IN AFRICA

Wednesday 13. September 2006

tekst og illustrasjon: JORUNN HAUGSE

Made in africaDEN NIGERIANSK-BRITISKE kunstnaren Yinka Shonibare har sidan 80-talet arbeidd med tekstiler i arbeida sine. I verka hans ser vi fargerike, afrikanske trykk på stoff, som han nyttar m.a. til å sy elegante kjolar i kolonialsk stil, trekka over møbler, og til og med tapetsera heile rom. Det er nettopp den kolonialske stilen som dominerer ein del av hans arbeider. I verket Reverend on ice har han nitidig kopiert eit måleri av Sir Henry Raeburn – ein 1800-tals-prest på skøyter – til ein tredimensjonal installasjon, men latt presten vera hodelaus som ei utstillingsdukke, og gjeve dei gamalmodige kleda hans afrikanske mønster. I fotoserien African Dandy ser vi Shonibare sjølv ståande som dandyen, midt i eit kolonialsk innreia rom der tapeta og møblene har afrikanske trykk, omgjeve av kvite tjenarar. Til å byrje med kan vi se dette som ein lett humoristisk miks av vestleg og afrikansk, og som ein ironisk replikk til kolonitida per se – vestlege land okkuperte afrikanske land, tok med sine eigne stiluttrykk, som Shonibare så har imitert med afrikanske tekstiler. Men det ligg meir bak desse arbeidene enn det som umiddelbart møter auga.

DEI FAKTISKE TEKSTILENE Shonibare bruker, er nemlig produserte i Helmond, Nederland og Manchester, England. Det meste av dagens tekstiler med afrikanske trykk er laga i desse to landa. Her ser vi plutseleg ein dobbel ironi: Yinka Shonibare sitt opphavsland, Nigeria, var koloni under Storbritannia frå slutten av 1800-talet fram til 1960. Nederland var ein av dei største kolonimaktene og rådde over m.a. Ceylon (Sri Lanka), Formosa (Taiwan), Malacca (Vest-Malaysia), Tobago og sjølvsagst Sør-Afrika, der dei oppretta det berykta Apartheid (det er ikkje lenger sidan enn 1994 at den svarte befolkinga i Sør-Afrika fekk stemmerett). Begge produserer no replika av tekstiler frå landa dei ein gong rådde over, og Shonibare, ein svart mann, bruker dei til å sy og innreda i same stil som dei eingong innførte til sine koloniar.

DET SOM KAN paradoksalt, er at det i Vest-Afrika vert sett på som prestisjefylt å ikle seg ekte Dutch Wax-tekstiler, som vert produserte i Nederland. Det er sett på som eit uttrykk for «african pride». Sjølv om tekstilene er produserte langt frå det afrikanske kontinentet, er sjølve mønstera genuint afrikanske. I tillegg baserer mange produsentar seg på fair trade, noko som innebèr import av faktiske handtrykte afrikanske batikker, samt knappar og perler.

DET ER LIKAVEL ikkje til å leggja skjul på at britisk- og hollandskproduserte ‹‹afrikanske›› tekstiler vert eksporterte til afrikanske land, der dei ofte er billegare i innkjøp enn dei som faktisk er produserte lokalt. At importerte varer for den afrikanske ‹‹forbru-kar›› ofte er billegare enn lokale varer er eit problem som viser seg ikkje berre innan tekstiler. Det er ein del av den tendenens vi ser at mykje av verdiproduksjonen i visse afrikanske land går tilbake til vestlege land, i tillegg til eventuell gjeld dei afrikanske landa har til vesten.

EI TID TILBAKE viste NRK ein dokumentar om eit team beståande av ein designar og ei gruppe studentar som farta verda rundt på jakt etter tekstiler til ein ‹‹verdenskjole››. Stoffbitane vart sette saman til eit globalt kunstverk i sin eigen rett, og i alt tekstilmylderet finn vi ein liten blå, håndfarga bit tøy frå Afrika.

I dokumentaren kunne ein sjå designaren gå frå bod til bod, butikk til butikk, på jakt etter dette berømte blå tøyet, som var så karakteristisk for området. Og rett nok hang det blått tøy overalt, men alt var importert frå vestlege produsentar. Den opphavelege, håndfarga varianten var nesten utrydda, fordi det importerte stoffet, i kraft av å vera rimelegare, hadde skvisa det lokale tøyet av markedet – med det resultat at det var vorte endå dyrare. Til opplysning fann dei til slutt ein bit av dette famøse blå stoffet, hjå ein av stoffhandlarane som enno holdt ved dei gamle tradisjonane.

Tekstilindustrien og den import/eksport som skjer mellom vestlege og afrikanske land, viser godt det skeive forholdet mellom dei respektive landa. Kanskje kan ein seie at det er denne skeivheita Yinka Shonibare vil visa med sine rom, møbler og klede. Og kanskje kan vi strekkja oss så langt som å seie at han på eit vis både retter noko av skeivheita opp, ved å vise rollene snudd opp ned som i African Dandy eller forsterker den, ved at han i same håndvending viser til at kolonitida var reell, strakk seg inn i moderne tid, og både var og er ei inntektskjelde for vesten, og ei utgift for dei afrikanske landa.

Kjelder:
Wikipedia,
www.yinka-shonibare.co.uk,
www.iss.co.za
Constiturional rights foundation (http://crf-usa.org)
Museum Boijmans van Beuningen (http://www.boijmans.rotterdam.nl)
www.africanfabric.co.uk

JAKTA PÅ STOFF

Wednesday 13. September 2006

‹‹EIN GOD JOURNALIST ER PÅ JAKT ETTER SAKER OVERALT.››

JAKTA PÅ STOFF

Tekst: Marianne Karlsen / Foto: Ingrid Jordahl

EIRIN EIKEFJORD
+ Redaktør i Studvest

RUNE STØLÅS
+ Frilandsjournalist i Bergens Tidende

AKA HAR FÅTT REDAKTØR I STUDVEST, EIRIN EIKEFJORD, OG FRILANSJOUNALIST I BERGENS TIDENDE, RUNE STØLÅS, TIL Å SNAKKA LITT OM DET Å FINNA STOFF TIL AVISARTIKKLAR.

KVA ER EI BRA SAK?
EIRIN: Ei god sak tilførar leseren noko. Det kan vere eit nyhetspoeng eller at den engasjerer, tilfredsstiller ein nysgjerrighet eller leier til refleksjon.

Rune TølåsRUNE: Tenkjer om ei god sak på same måten som om ein film – gode skodespelararprestasjonar, at du får noko å tenkja på, bra kameraføring – det er dette som gjer ein bra film. Det er litt på same måten når det gjeld saker. Saker kan vera veldig viktige, dei kan vera kuriøse utan at dei er vesentlige eller relevante og nære. Nokon som har opplevd noko spesielt, t.d. ein person som har vore i ein brann og fortel om korleis det var, gjer saka betre enn berre referat. Dersom ei sak inneheld ei eller fleire av desse punkta så er ho bra.

KVAR FINN DE STOFF TIL SAKER Å SKRIVE OM?

RUNE: Det er fleire ulike måtar. Har ein skrive ei sak før, kjem kanskje nokon ein har snakka med i samband med den med tips til saker ein kan skriva seinare.

EIRIN: Me har ein del rutinar: sjekkar postjournalar, pressemeldingar, får inn tips. Me har ein redaksjon med eit ganske breitt nedslagsfelt og som har bekjente som kjem med tips til dei.

RUNE: Om du er ilag med vener og høyrer ein fortel ei bra historie, så tenkjer du «denne her skulle ha vore i avisa».

FORKLAR DET MED POSTJOURNALAR.
Eirin EikefjordEIRIN: Noko av korrespondansen til offentlege institusjonar og verksemder er tilgjengeleg, t.d. universitetet. Det vert laga ei liste over inn- og utgåande korrespondanse, og i henhold til offentlegheitslova får me tilgjenge til den og kan bestilla kopi av dei breva som kan vera interessante å sjå nærare på.

RUNE: I lista står det at den og den skreiv brev då og då til den og den og ei kort setning om innhaldet i brevet.

EIRIN: Ut frå denne kan me sjå om det er noko som kan vera relevant å skriva om.

RUNE: Ein kan og finna kjelder, t.d. avsendar og andre som er nemnd i brevet. Dei som har skrive brevet veit jo mykje om saka.

EIRIN: Me ringer dei og så vil kanskje dei senda deg vidare til nokon som veit meir om det.

RUNE: Samstundes har du nokre ting som vert skrive brev om mellom offentlege etatar eller det offentlege og bedrifter som avsendaren vil halda hemmeleg og ikkje vil seia noko om. Så då har me gjerne ein god inngang med at «han ville ikkje kommentera dette overfor Bergens Tidende, men i brev av sånn og sånn sei han slik og slik».

DET ER MANGE SAKER DE IKKJE FINN SJØLVE, NOKRE KJEM VEL TIL DYKK OG?
EIRIN: Ein må vera kritisk og merksam slik at ein ikkje vert nyttige idiotar for kommersielle aktørar. Me vert alltid oppsøkt av arrangørar som ynskjer publisitet.

RUNE: Me får inn mange tips som me ikkje brukar. Det kan vera pressemeldingar, pressekonferansar, folk som har gjeve ut noko nytt, parti som har ei meining om noko og ynskjer å koma i media, familiekranglar eller ting som nokre synes er spanande men som me vurderar at dei fleste ikkje vil synast er interessant.

EIRIN: Folk er ofte veldig indignerte over mange ting som ikkje rammer andre enn dei sjølve

RUNE: Skaper det problem for veldig mange så er det aktuelt å skriva om det. Samstundes er me jo heilt avhengige av tips, seier dei i kor

RUNE: Avhengige av kontakt med lesarane i det heile tatt.

MEN KVA OM EG MELDER AT DET ER NOKO BRUNT I FJORDEN, SIKKERT EI VALDSAM MILJØØYDELEGGJING… EG KAN JO VERA HEILT UVITANDE OG UPÅLITELEG?
EIRIN: Om det høyres ut som ei interessant sak, går ein skrittet vidare og tek kontakt med nokon som vil veta kva dette er. Anten vert det avfeid fordi det får ei naturleg forklaring, eller så vert det ei sak.

RUNE: Me får faktisk ein del slike telefonar. Oftast er det ein offentleg myndigheit som har ansvaret for dette område som kanskje må ut og sjekka det sjølve. T.d. tips om oljesøl i Vågen, då må havnevesenet sjekka om det har skjedd noko og kor alvorleg det er.

KVEN/KVA EGNER SEG SOM KJELDER?
EIRIN: Skal me forklara fenomen går me til dei som har kompetanse på området.

RUNE: Kjekt å ha professorar for å gje litt tyngde til saker.

EIRIN: Det er viktig med kjelder med ulik ståstad slik at saka vert belyst frå fleire sider.

RUNE: Det er ikkje alltid me er på jakt etter fakta, det kan like gjerne vera ei meining. Og har me ei meining så må me ha ein som balanserer den. Eit typisk tilfelle kan vere at me snakkar med ein miljøorganisasjon og så med NAF eller ein annan organisasjon for bilførarar. Klassisk.

EIRIN: Ja, og viss me har nokon som vert klandra for eit eller anna må dei jo kunne få imøtegå skuldingane.

RUNE: Helst i same artikkel om me får det til.Dessutan er det veldig mange forskjellige interesseorganisasjonar rundt omkring som er kjekke å ha når me skal jakte på ei meining som skal balansere ei anna.

EIRIN: Ja, og så politikarar, professorar…

RUNE: Ja politikarar er veldig kjekke og. Då veit du gjerne på førehand kva dei meiner så du kan plukke politikarar etter kvar dei står og veit du får ei balansert sak ved å ringa til den og den.

EIRIN: Og så er det veldig kjekt med folk som gjev spenstige sitat…

RUNE: …og politikarar kan jo vera flinke til det, dei er i alle fall vant til å uttala seg.

EIRIN: Med mindre dei er høgt på strå og har ein pressetalsmann som sjekkar alt dei seier.

RUNE: For å ta eit døme: ei krimsak me får frå retten. Då vil me gjerne snakka med båe parter. Ofte vert det då aktor, og dersom me får snakka med den tiltalt òg kan det verta veldig bra, om han vil snakka med oss og det ikkje er nokre grunnar mot at han skal få uttala seg. Elles vert det då advokaten hans. Er det offer i saka vil me gjerne snakka med dei. Kanskje dei har ei god historie, uansett så bør dei få kome til orde. Dei har gjerne andre ting å seie enn politi og forsvarar. Er det spesielle saker som er vanskelege å forstå, eller er prinsipielle, kan me henta inn kjelder som jobbar med juss, jussprofessorar t.d.

EIRIN: Og er det er ein del av eit fenomen så kan me snakka med ein som forskar på noko liknande.

RUNE: Ein kan òg snakke med mannen i gata. Er det noko som gjeld dei som bur i Bergen så kan me snakka med folk og få forskjellige syn.

EIRIN: Berører det mange så er det jo fint med ein enquete, fem på gata. Det er jo ein litt interessant greie med den norske case-journalistikken der alt alltid skal vera nært, eit lokalt hovud som har problem som me skal henga heile saka på.

RUNE: Det gjer jo saka mykje betre om du har det. Har du eit politisk vedtak som kjem og du kan presentere saka med ein barnefamilie i Bergen som vert berørt av dette vedtaket vert det meir interessant å lesa enn om det berre var tabellar og grafar.

EIRIN: Det gjer at folk kan relatera seg lettare til problemstillinga. Poenget er å fanga interessa. Ein skal på ein eller annan måte identifisera seg med det som kjem fram for å gidda å lesa det. Desom det byrjar med ein traurig politikar som snakkar om tal så er det lettare å hoppa av.

RUNE: Når eg sjølv les saker på nett og ser på overskrifta og ingressen som handlar om noko som er litt sprøtt, så ser eg på kategorien. Er det utanriks så tenkjer eg «jaja, det måtte vel skje i verda før eller sidan». Er det innanriks så er det litt betre, men står det Bergen på det så må eg nesten lesa det fordi det er så nært. Så for min del har det mykje å seia kor nært det vert. Har du ein person som dette går utover, så vert det nærare. Skriv du om korleis denne personen vert råka og korleis han opplever det vert det meir spanande.

MÅ HA NOKON FRÅ VÅR BY NÅR DET SKJER ULUKKER UTANLANDS.
EIRIN: Det er reint psykologisk. Ein relaterer seg lettare til sakene når det er nokon som er ramma i vårt nærmiljø. Som studentavis skriv me for studentar og difor er det naturleg å velja studentar som kjelder fordi dei problemstillingane som rammar desse vil og ramma andre studentar. Samtidig treng det jo ikkje vera ein studentcase for at det skal vera studentrelevant.

RUNE: Dersom ei sak handlar om noko studentrelevant i utgangspunktet…

EIRIN: …så vil ein jo sjølvsagt ha ein student som vert påverka.

KVIFOR ER PERSONAR SÅ VIKTIGE KJELDER, KVA MED LEKSIKON, OSB?
RUNE: Det er fullt mogleg å leite fram og lese frå leksikon og andre bøker, men det tek for lang tid, og informasjonen er ikkje alltid oppdatert.

EIRIN: Ein vil gjerne ha ein genuinitet over det. Det vert meir ekte om ein har eit bilete av ein som hevdar noko enn å sitera noko eg fann i ei bok eller på internett.

RUNE: Dersom du skriv noko ut ifrå bøker er du sjølv ansvarleg for det som står der, men har du sitat frå ein person som skal ha greie på det så står det som vert sagt for hans rekning.

EIRIN: Samtidig som folk er interessert i kva kjente personar, personar med autoritet eller personar i nærmiljøet meiner om ei sak. Det vekkjer meir nysjerrighet eller interresse.

RUNE: Du får ein meir levande inngang til stoffet, meir driv. Dessutan kan ein stilla oppfylgingsspørsmål og kritiske spørsmål til ein person, det kan ein ikkje gjera til ei bok. Ofte skal saka inn same dag, det er tidspress. Då er det utruleg mykje kjappare å ringa til nokon og spørje om det du lurar på enn å lesa deg opp på emnet. Litteraturen vert oftast nytta til bakgrunnsinformasjon, for å finna ting å spørja om. Me veit jo ikkje alt om alle ting me skriv om.

EIRIN: I ei bok kan ein finna faktainformasjon, nøytrale opplysingar. Særleg om ein jobbar med ei større historie der ein treng bakgrunnsinformasjon eller bakgrunnshistorie. Desse set ein gjerne i ein faktaboks medan sjølve artikkelen er basert på personkjelder.

KOR MANGE KJELDER TRENGS?
EIRIN: Samstundes som ein sak skal vera balansert så vil ein jo ikkje skapa forvirring hjå lesaren ved å trekkja inn for mange. Me treng ikkje få fram alle gråsonene, helst berre den svarte og den kvite, og så ein meir nøytral midt i mellom der. Sjangeren gjer jo og at ein må avgrensa seg.

RUNE: Vil du ha folk til å lesa så kan det ikkje vera så langt, ein gløymer namna og kven som sa kva. Men du kan bruka utruleg mange kjelder, og berre ha nokre få som kjem fram i sjølve artikkelen. Ein nyttar kjelder til å kontrollera opplysningane, og ein finn fram til dei beste kjeldene ved å bruka mange.

EIRIN: Dersom ein har mange som seier omlag det same, vel ein den av dei med dei beste sitata.

RUNE: Når du har gjort eit intervju så skriv ikkje du det rett av. Nokre sitat vert beholdt, men det meste vert komprimert til ein artikkel som er lett å lesa og inneheld fakta. I overskrifta og ingressen skriv du på ein måte alt som har med saka å gjera. Slik skal lesaren få med seg det aller meste, og gje dei lyst å lesa heile artikkelen.

Ordgyteri: stoff

Wednesday 13. September 2006

  • STOFF har mange og ulike betydninger.
    For eksempel kan vi snakke om
    stoff i betydningen vevet tøy (stoffet i
    kåpen / engelske stoffer). Stoff er også
    et begrep i kjemien, i betydningen
    kjemiske stoffer (forbindelse, grunnstoff,
    råstoff etc.). Vi samler stoff – det
    vil si materiale – til en avhandling. En
    artikkel kan gi stoff til ettertanke, og
    kongelige ekteskap er godt stoff for
    ukebladene. Endelig brukes stoff også
    om narkotika. Da heter det gjerne ‹‹gå
    på stoff››, eller ‹‹bruke stoff››.
  • ARISTOTELES konstaterer at virkeligheten
    består av forskjellige enkeltting
    som er en enhet av form og stoff.
    ‹‹Stoffet›› er det materialet en ting er
    laget av, mens ‹‹formen›› er tingens
    spesielle egenskaper.
  • SKILLET MELLOM ‹‹form›› og
    ‹‹stoff›› spiller en viktig rolle også når
    Aristoteles skal beskrive hvordan
    mennesket erkjenner tingene i verden.
    Når vi erkjenner noe, ordner vi tingene
    i forskjellige grupper eller kategorier.
    Jeg ser en hest, så ser jeg en annen
    hest – og enda en hest til. Hestene er
    ikke helt like, men det er noe som er
    likt for alle hester, og nettopp dette
    som er likt for alle hestene, er hestens
    ‹‹form››. Det som er forskjellig eller individuelt,
    tilhører hestens ‹‹stoff››.
    Kilder: Norsk illustrert ordbok (red.
    Tor Guttu) og Jostein Gaarder: Sofies
    verden.