Arkiv for kategorien 'tema: makt'

LEDER

Monday 10. April 2006

SPRÅK ER MAKT. Penger er makt. Makta rår. Mat ikke makta…AKA har denne gang temaet makt, men hva er makt? Hvordan kan man definere makt? Hvordan kan makt utøves?

DEN GLOBALE legemiddelindustrien omsatte i 2005 for 602 milliarder dollar. Omsetningen er doblet siden 1997, men ikke alle har anledning til å delta i den store kjøpefesten av medisinske preparater. I akademiet ser Eirik Aasheim, mastergradstudent i sosiologi på viktige aspekter ved legemiddelindustrien som synliggjør maktbalansen mellom rik og fattig i verden i dag.

MEDIA HAR DEFINITIVT makt, blant annet til å sette dagsorden og til å påvirke vår meningsdannelse. Men det er ikke dermed sagt at vi alltid danser etter avisenes pipe. I EU-saken har det norske folk for eksempel stemt Nei to ganger, til tross for at nesten alle avisene har ivret for Ja. Medias makt eller også mangel på makt i EF/EU-saken er ett av temaene som er oppe til behandling i dette nummeret av AKA. Du kan også lese om dominansforholdet mellom kvinner og menn, om hvordan au-pairer i Norge er underkastet sin vertsfamilie og om hvordan maktforholdene er i verdens største supermakt, USA.

NESTE NUMMER AV AKA skal ha temaet Normalitet. Hva er det som er normalt? Hvem er det som bestemmer hva som er normalt? Vil du bidra? Send en mail till aka@uib.no. Vi søker også journalister og fotografer.

MAKTLITTERATUR

Monday 10. April 2006

av INGERID JORDAL + aka@uib.no

KAMERAT STALIN

Stalin-Den Røde Tsarens Hoff
Simon Sebag Montefiore
oversettelse: Jorunn og Arne-Carsten Carlsen
Cappelen 2006 710 s.

DENNE BOKA ser så monumental ut at den kan gje inntrykk av å vere eit fullt kronologisk dokument av Josef Vissarionovitsj Stalins liv og levnet. Det er den faktisk ikkje, boka tek kun for seg åra mellom 1928 og 1953 då Stalin regjerte i Sovjetunionen. Her er det likevel nok stoff å ta av.

MYKJE AV BOKA er sjølvsagt velkjend verdshistorie. Men frå Stalins veg til makta fram til 1932, gjennom den store terroren, den Andre Verdskrigen og til hans død i 1953, gjer boka oss eit annleis innsyn i desse hendingane. Me vert vitne til Stalins tett samanfiltra politiske og personlege liv. Hans medarbeidarar i Kreml vart kalla ’familien’, og eit familiedrama med meir sex, vald og skandaler skal du leite lenge etter. Her møter me Stalins deprimerte kone, oversette barn, forfylla, perverterte medarbeidarar og hensynslause mordarar m/familie. Og Stalin sjølv, Koba blant venner, som den tvetydige, humørsjuke og despotiske eineherskaren med dametekke og sangstemme.

I BYRJINGA framstår dei fleste i persongalleriet som ganske ordinoere menneske, og Stalin sjølv vert beskrive som ein overraskande sympatisk person, med ein sjarmerande personlegdom og høgt intellekt. Hans kone Nadja blir framstilt som ei nevrotisk kvinne som begår eit sjølvmord i 1953. Etter denne tragedien erkloerer Stalin, som elska henne svoert høgt, sitt hjarte for dødt og går heretter kraftig inn for å bevise nettopp det. Klarare og klarare kjem hans sterke sjalusi til uttrykk i hans politiske avgjere då hans personlege misnøye med eit medlem av politbyrået, eller ein heil avdeling, kunne koste dei livet.

I terror-aksjonane spesielt rundt 1937 opererte regimet som kjent med kvotelikvidering av partifolk som vel som sivile. Det heile er fortalt så nøytralt og edrueleg av forfattaren, at ein som lesar i større grad kan identifisere hendingane som den farseaktige paranoiaen det jo var. Dessverre var dette ein farse som gjekk på bekostning av store delar av den russiske befolkning.

FOR MEG VAR HOVUDINTERESSA ved boka dei absurde motsetnadane. Ein kan lese muntre historier om dagleglivet i Kreml, med familiemiddagar, fyllekuler og ferieutflukter. Likeeins kan ein lese om pedofili, massedrap, tortur og den intense psykiske makta som Sovjetunionens leiar hadde over alle og ein kvar. Som eit historisk dokument er dette ei fordjuping krydra med så mange anekdoter og innskot at det burde tilfredsstilla ein kvar med ei grunnleggjande interesse. Det humoristiske og det grusomme møtes til tider i eit uttrykk for ein beksvart humor som nokon vil setje pris på, andre ikkje.

AT STALIN VAR ein uhyrlig leiar veit vi, men her kan ein få eit meir nyansert bilete som går ut over desse allmenne oppfatningane. Historisk sett er dette ei viktig bok, som analyserer vår noere fortid, men den har og relevanse for å forstå dagens samfunn. Forfattar Montefiore har gjennomgått det som kan oppdrivast av kjeldemateriale frå arkiver, bøker og artiklar, både publiserte og upubliserte, og har intervjua gjenlevande frå Stalins familie og politiske apparat. Dette har resultert i ei bok det er vel verdt å lese, sjølv om nokre trykkfeil kanskje kunne vore unngått når den fyrst skal koste så mykje.

AKA nr 26: Makt

Monday 10. April 2006

AKA nr 26: makt