Leder

Konflikter kjem i alle tenkjelege variantar, og som oftast på verst tenkjelege tidspunkt. Dei er ein del av kvardagen, anten me likar det eller ikkje, og somme meiner at konflikter er ein føresetnad for utvikling og læring. Uansett kva fagområde du studerer, vil du møta på konflikter, anten i ditt møte med faget eller mellom professorar og mellom retningar. Eit døme på konflikt i eit fag får me i artikkelen til Mari Hoem om tilhøve mellom sangtekstar og den høglitterære poesien. Vidare finn me konflikter innan politikk og idrett, noko Anders Jakobsen går nærare inn på. Ellers blir det ofte konflikt mellom det ein har studert og emna ein vert sett til å undervisa i for dei som går vegen frå universitetsgrad via praktisk pedagogikk for å bli lærar.

Førre nummer hadde lys som tema, og me fekk diverre ikkje plass til Hanne Eik Pilskog sin artikkel om polarnatt i Arktis. Difor kjem artikkelen med her, som eit døme på kampen for til-veret og gjerne som eit døme på at det me opplever som ein mørk og dyster vinter ikkje er så gale likevel.

God lesing!

Foto: Jon Eikhaug

Foto: Jon Eikhaug

Det er ikke åpent for kommentarer.