Litteratur – Kunsten å vere neger

Are Kalvø – Kunsten å vere neger
Det norske samlaget (1996)

Kvardagskonflikter er gjerne dei vi er minst medvitne om, men likevel tenkjer mest på. Mellom desse er den daglege konflikten mellom Ola Nordmann og hans nye landsmenn. Den gjer seg stort sett dårleg som underhaldning på TV2 ein fredagskveld, og har også vanskeleg for å klare å trekkje til seg merksemd i Dagsrevyen utan at nokon kjem med meir eller mindre gjennomtenkte utspel om korleis ein skal få bukt med integreringsproblema.

Likevel finst det råd for den som vil setje fokus på dette temaet utan å verte stempla, verken som rasist eller naiv innvandringselskar, slik ein gjerne vert om ein blandar seg i diskusjonar om innvandring og kulturkrasj. Ironi, sjølvinnsikt og medfølgjande lydspor som inneheld hits av Thorbjørn Egner og Banana Airlines gjer det mogleg for Kalvø å seie si meining utan at nokon gløymer store delar av den utviklinga forfedrane har stått for sidan fossilet Ida ikkje var eit fossil.

Boka inneheld alt ein framandkulturell treng vite, både om seg sjølve og om dei som er fødde med ski på beina. At den vart skriven i ei tid då ingen visste kven Spice Girls var, gjer den ikkje mindre aktuell i dag. Skiljet mellom «oss» og «dei» er så inngrodd, delvis grunna barnelektyre som teikneseriar om «Krølle – skopusseren som ble negerkonge» og vekebladet Allers sine spanande rapportar frå bushen, at dei ikkje let seg endre på eit drygt tiår.

Kalvø gjer greie for kva ein framandkulturell bør ha i tankane dersom vedkomande ønskjer å verte godteken og kanskje til og med likt av inngrodde nordbuarar. Hovudregelen er at han eller ho bør vere litt eksotisk, det vil seie lite punktleg, lat og slurvete med tannkosten, og viktigast av alt: halde fram med å vere utlending.

Om utlendingen først finn det for godt å kome til Noreg, er hurtig opplæring i norsk skikkar og tradisjonar viktig, noko Kunsten å vere neger gjev eit godt grunnlag for. For at utlendingen verkeleg skal forstå, er dei offisielle unnskuldingane for skikkar som konfirmasjon og julebord unnletne til føremon for dei verkelege grunnane. Dessutan bør utlendingen snarast lære seg å stå på ski; det vil seie å ramle rundt med trebitar på beina medan han eller ho smiler frå øyre til øyre.

Ansvaret for å tryggje ei knirkefri intergrering ligg på innvandraren, som trass alt bør kjenne seg heldig som fekk flykte frå sitt eige land for å kome til Noreg. Alle lyte bør difor leggjast vekk, og verte erstatta med entusiasme, glede og beundring.

At Kalvø treff godt med si forklaring på kva som må til for at kravstore nordmenn skal akseptere innvandrarar som fullgode nordmenn, om enn litt dårlegare på ski enn gjennomsnittet, kjem særleg til uttrykk ved at dette er den einaste av bøkene hans som har vorte omsett til andre språk. Truleg skuldast dette delvis at tyskarar og danskar har same interesse som nordmenn av at innvandrarar skal forstå og tilpasse seg, og delvis at to av dei landa som ligg oss nærast også finn det vanskeleg å forstå kvifor vi nyttar julehøgtida til å ete lutefisk og feste med sjefen.

I det heile er boka ein god guide både for innvandrarar som har vanskeleg for å forstå det norske samfunnet og for innfødde som ønskjer eit nytt syn på seg sjølv og sin haldningar.

Det er ikke åpent for kommentarer.