MYTER OG REALITETER I BISTAND

Illustrasjon: mads iversen

DET ER MANGE som har freista å skrive om myter og bistand det siste året. Ein kjapp liten googling på dei to orda resulterer i ei mengd treff og ein blir geleida inn i ein jungel av artiklar og sterke meiningar av ulikt slag.

EIN VANLEG definisjon på ei myte er: ei forteljing mange held for å være sann, men som er oppdikta. Grunnen til at dei vert helde i hevd og fortalde vidare er at dei gjev meining for den enkelte, dei fungerer som svar på ting som det gjerne er få andre forklaringar på. I tillegg er dei gjerne underhaldande. Nettopp slik er det vel med bistandsmytene også. Dei fungerer og dei gjev meining og dei er til tider underhaldande. Det siste er sikkert ikkje noko me seriøse likar å vedstå oss , men når eg no sitt og skriv ein artikkel om myter i bistand så er det for dei fleste god underhaldning til ein kaffekopp før ein suser videre med livet sitt på samme måte som før. Gjerne slik markedskreftene og gudfeldighetene vil det, ikkje med eit rensa sinn og ny bevisst tankegang om bistandspolititske spørsmål.

«DEI FATTIGE har de alltid hjå dykk». Ein av dei største filosofene frå midtausten sa dette for ca 2000 år sidan. Til no har han hatt nokså rett når det gjeld fleire ting, og spesielt når det gjelder dette. For ei naiv sjel som ikkje les mellom linjene kan det verke som hovedmålet til mange bistandsorganisasjonar er å motbevise dette mindre kjente utsagnet til Jesus.

SOM DEN FLITTIGE og samfunnsbevisste student eg er, abonnerer eg sjølvsagt på diverse propagandablad frå diverse bistandsorganisasjoner og Norad. Postkassen oversvømmes av smilende negerbarn og gamle tannløse enker ved vannbrønner. Det er desse organisasjonene som legg vekt på å illustrere fattigdom som i stor grad gir oss bilder av Afrika. Det er ikkje så merkelig at mange nordmenn blir overraska når dei kjem til Addis Abbeba og ser skyskrapere og rulletrapper. Ein gjeng etiopiske ungdomer sa ein gong til meg: «du må fortelle om Etiopia at det er meir enn svoltne barn og Aids. Fortell om dei glade folkene og den flotte naturen slik at folk vil komme her». Vel så har eg fortalt om det. Når det gjelder posten min her heime så er allikevel undertonen i stor grad: «vi skal klare det, vi kan klare å utrydde fattigdom spesielt viss du blir med». Erik Solheim understreker dette i sin artikkel «Mytene om bistandens fallitt» ved å seia:
Bistand er og blir et risikoprosjekt. Men for første gang i historien har vi de ressurser som skal til for å utrydde verdens fattigdom. Vi vet også hvilken politikk som virker. Hvis vi ikke gjør det, er det ikke fordi vi ikke kan eller ikke vet hvordan. Da vil vi det simpelten ikke nok. Elefant foto: Elin Tegnander + aka@uib.no

INNLEDNINGSVIS argumenterer Solheim for at vi trenger ein debatt basert på fakta ikkje på myter. Viss me berre vil utrydde fattigdomen er det ganske lett. Puh, det er heldigvis ikkje berre FrP som har enkle svar og gode myter vi kan tru på og leve for.

ASBJØRN EIDHAMMER som er avdelingsdirektør for evaluering i Norad, presenterer det følgjande som ei kjent myte: «bistanden kan løfte miliardar ut av fattigdomen». Vel den myta har eg iallefall høyrt, for å være heilt ærlig så har eg vel trudd på den også og gitt frå min skarve studentøkonomi (som egentlig er ein økonomi i verdsklasse, at studentar er fattige er ei anna myte) til diverse aksjonar. Men dette som er grunnlaget for alle gave-aksjoner eg til no har gitt penger til, seier lederen for NORADs bistandsevaluering er ei myte! Det er interesant og forvirrande at han uttaler dette, sikkert ikkje sagt for å få folk til å slutte å gi til bistandsarbeid, men for å rette fokus mot at det er andre ting som skjer i verda som påverker økonomien, og Norad kan ikkje ta skulda for verken det som går bra eller det som går dårlig sånn egentlig.Vel, alle utsagn har gjerne utilsikta verknadshistorier. Slik som tømmermannens utsagn for ca 2000 år sidan sikkert ikkje var tenkt å bli brukt i ein artikkel om myter i bistand.

EIN ANNAN bistandskjendis Atle Somerfeldt, leiar for Kirkens Nødhjelp, har uttalt følgjande:
Problemet med akademikerdiskusjonen er at den starter debatten med å sette spørsmålstegn ved legitimiteten til hele systemet.Det blir som vi skulle startet hver debatt om den norske skolen, med å spørre om vi trenger skolen i det hele tatt. 

PROBLEMET MED Atle Somerfeldts problem er at det på ingen måte er eit problem for akademikerene. Det kjem nok heller aldri til å bli det. Dette akademiske fenomenet som han her irriterer seg over kan gjerne kalles dobbeltkretslæring , endringer av grunnleggende antakelser i handlingsteorier. Eller som ein gjerne seier: «thinking out of the box». Når eit problem stadig vender tilbake bør vi gå bakenfor og stille spørsmål ved dei underliggende strukturane og ubevisste verdier og normer som vert tatt for gitt i den konteksten fenomenet er i. Dette bør jo få være akademikerenes privilegium då deira arbeidsplass i mindre grad er finansiert av norske bistandspenger (sjølv om desse forskarane nok også har sine sugerør inn i bistandsbudsjetta). Ein bør være sjølvsikker og raus nok til å kunne sjå på det som eit frittenkande bidrag som er eit bra korrektiv å ta med. På den andre sida kan vitskapleg kritikk til tider være eit jag etter sensasjonsnyheter og spalteplass i media. Atle Somerfeldts frustrasjoner over forståsegpåarar som aldri har hatt afrikansk jord på fingrane kan me jo derimot gjerne forstå.

NORGES KOLONIHISTORIE er lite kjent, og det er nok ei myte som mange lever i, at vi ikkje har vore koloniherrar. Dette legitimerer norsk fredsmekling i fleire samanhenger. På begynnelsen av 1700-talet var Norge i lag med Danmark aktive slavehandlare på sørkysten av India, nærmere bestemt Trankebar. Den norske guvernøren Hassius var kjent for sine grusomheter og totale hensynsløyse for å berike seg sjølv og det Ost Indiske Kompani på slavehandel. På denne tida var misjon forbudt i dei fleste hollandske og engelske kolonier fordi dei forkynte eit frigjerande budskap for slavane. Den pietistiske danske kongen Frederik IV ville ha slutt på dette og sendte to tyske misjonærer til kolonien for at dei skulle avskaffe grusomhetene . Dette er ei interessant historie som kaster eit anna lys over den tidlige misjonsepoke enn det som ofte vert hevda. Vi ser at handel og for såvidt misjon er eit gammelt anliggende, og at misjonen i lange tider har vore aktive i sin kamp for rettferd i verda. Bistand er på si side eit nytt begrep som i praksis har ein mindre en 50 år gammel historie med sitt fyrste prosjekt i Kerala i India på begynnelsen av 1960-talet. Som begrep brukt i regjeringssammenheng må heilt til 1980-talet for å finne begrepet bistand! Vil bistandsepoken bli ein epoke me ser tilbake på med samme forakt som koloniepoken? Er det eit forbigåande historisk fenomen? Og visste samfunskritikaren frå midtausten at to tyske misjonærar skulle reise frå Tyskland til India for å sette fri slavar, inspirert av hans ord 1700 år etter at han var død? Det er mange spørsmål ein kan stille seg i bistandsjungelen.

KVA SIT SÅ ein stakkars masterstudent igjen med etter å ha forvilla seg inn i bistandsjungelen? Bistand er komplekst, forvirrande, frustrerande og irriterande mangslungent. Du treng minst sju doktorgradar på like mange felt for å få ein viss oversikt. Kva skal ein så gjere? For å sitere ein av mine intervjupersonar frå feltarbeidet mitt i Etiopia: «First of all you sit down and cry». Eg trur det er eit godt råd både til misjonærer, bistandspolitikarar, bistandsagenter og stilsikre bistandsforskere. Å ta denne håpløysa innover seg bør resultere i at du grin. Viss du ikkje får til det så har du ingenting i denne debatten å gjere. Eg har lyst å slå eit slag for «akademisk nærleik». Vi må tørre å bruke heile oss som ein resurs i politikken, i bistandsjobben og i forskinga. Vi må sleppe livet og menneska inn på oss. Det er berre då me kan få verkeleg kunnskap om mennesket . Derfor vil eg til slutt være litt personleg og dele den overlevelsesmåten eg har bestemt meg for å bruke. Det er enkelt og greit å tru. Tru at eit liv kan gjere forskjell, at eit menneske allikevel kan skape forandring, at eit individ kan påvirke verda. Det har skjedd før i historia, og det kan skje igjen. Ikkje menneskers akademiske presisjon eller stilsikre formuleringar, men oppriktig engasjement motivert av kjærleik, har endra verda og kan endre verda i dag. Eg vil og tru på ein rettferdig Gud i lag med mine venner i sør fordi det gjev håp til ei skakkjørt verd.

Legg igjen en kommentar

Du må være innlogget for å kunne legge igjen en kommentar.