HEKS!

– Ein kort gjennomgang av grunnlaget for heksemyta.

NAVN: MADS IVERSEN
FAG: IDEHISTORIE

Gammal einsleg kvinne, stygg, vond, illeluktande og frekk i kjeften – dette er nokre klassiske karakteristika dersom vi skal skildre ei heks (Hagen, 2007).

KVAR KJEM VÅR OPPFATTING OM HEKSER FRÅ? Filmar og bokseriar som til dømes Harry Potter eller Isfolket set definitivt sitt preg på våre førestellingar om trolldom, og bygger vidare på eldgamle myter om hekser og trollmenn. Stadige alternativmesser og avisannonser med spåkoner, spåmenn og sjamanar utgjer ein moderne kultur som utnyttar og vedlikeheld slike førestellingar om magien og det overnaturlege.

Denne folketrua har rett nok utvikla seg i takt med tida, men jamvel Paxleksikon frå 1979 hevdar at dei opprinnelege heksene eksisterte og hadde eigne møter og festar. Sjølvsagt var det først og fremst naturmedisin og ikkje trolldom dei dreiv med, men det er likevel snakk om ei mytisk kult. Dette er vanlege førestellingar om kva som låg bak hekseprosessane og dei lever også vidare som moderne hekserørsler i dag, til dømes Wicca (Hagen, 2007). Det er imidlertid ingenting som tyder på at det faktisk eksisterte noko slikt under hekseprosessane, og omgrepet heks vart først nytta i Norden på slutten av 1600-talet – det var altså for det meste uavhengig opererande trollfolk ein avretta her til lands. Hekseomgrepet var truleg først gjort kjend gjennom Petter Dass og Ludvig Holberg, som dikta om «hexer». Det er kanskje ikkje så rart at det oppstod ei magisk heksemyte når ein kunne lese spektakulære vitneforklaringar frå gamle rettssaker. At desse gjerne var torturert fram var ikkje alle som brydde seg om.

Elina fortalte at mens hun var i tjeneste hos Anne Pedersdatter hadde Anne «brukt henne tre julenetter som hest og ridd på henne til et fjell som kalles Lyderhorn» (…) I prosessen mot Anne var det imidlertid ingen som stilte spørsmål ved denne antakelsen (Gilje, 2003:61).

Folk hadde hørt om personar som kunne ri på kosteskaft og geitebukkar i lufta til nattlege møter hjå Satan, så dette var kanskje ikkje så utruleg i høve til det mange hadde hørt om frå andre stader. Slike førestellingar kom gjerne frå den lærde demonologien, altså vitskapen om Djevelen.

HeksesakTROLLDOMSPROSESSANE FRAMSTÅR som ein myteomspunnen epoke, og skal ein dessutan ta det talet på drepne som ovennevnte leksikon kjem opp med, nemleg frå 9 til 30 millionar, kan det umogleg ha dreidd seg om ei obskur undergrunnskult, sidan gjennomsnittstalet for innbyggjarar i Europa på eit gitt tidspunkt i denne epoken kunne vera frå 80 millionar til litt over hundre. Ein nyare global bestselgarroman som Da Vinci-koden frå 2004 opererer framleis med at fem millionar kvinner vart brende, og opprettheld dermed denne myta for eit enormt, moderne publikum.

[Det er ikkje] noko anna historisk emne der det er skrive så mykje søppel som trolldomsprosessane (Hagen, 2007:23).

Forskarar i dag meiner talet umogleg kan ha overstige 60 000, og enkelte anslag er nede i 35 000, og her må det også nemnast at 25% var menn. Fleire forskarar meiner jamvel at det var oppsiktsvekkjande få heksedrap på denne tida (Hagen, 2007).

Tortur og brenning av hekser er gjerne også noko ein lett kan førestelle seg at det skjedde meir av i «den mørke mellomalderen», men tvert imot er kjerneperioden for forfølgingane frå 1570 til 1680, altså i tidleg nytid. Dersom ein i det heile tatt trudde på hekseri og trolldom i mellomalderen kunne ein risikere å bli straffa for det. Då rekna ein førestellingar om slikt som reint oppspinn, difor var det så godt som ingen heksedrap på denne tida. Denne haldninga til magi var i stor grad basert på ein tekst som heitte Canon Episcopi, eit sett med reglar frå 900-talet som representerer eit svært skeptisk syn på trolldom (Gilje, 2003).

At folk skal mistenkjast for trolldom krever sjølvsagt at mange trur på slikt, og ser det som reelt. Dette var eit syn som først fekk innpass i samband med reformasjonen, og den demoniseringa av andeverda som den førte med seg. Her vart jamvel det Luther kalla katolsk magi, til dømes tilbedinga av helgenbilete som magiske objekt, svært upopulært – noko som medførte ein omfattande biletstrid som etter kvart også rakk heilt til Bergen (Gilje, 2003).

Lutheranarane førestelte seg heile tida at dommedagen var nær, og i dette apokalyptiske perspektivet var det ein kamp mellom Gud og Satan som stadig medførte teikn på undergongen i form av magi og andre djevelske aktiviteter (Gilje 2003). Ein såg difor gjerne ting og hendingar som noko, og tolka det ut frå eit apokalyptisk perspektiv. Djevelen og magien var Gud og samfunnet sin hovudfiende, og det var ikkje til å spøke med dersom ein fekk rykte på seg for å drive med trolldom, noko som tilsvarte å stå i direkte ledtog med Satan sjølv.

Å STÅ I LEDTOG MED SATAN er berre eitt av teikna på at ein har med ei heks å gjere i følge det innverknadsrike verket Heksehammaren, eller Malleus Maleficarum (ca. 1487) Dette verket viser til i alt seks kjenneteikn på ei heks:

  1. Ei heks har alltid inngått ei pakt med Djevelen.
  2. Ei heks har seksuell omgang med Djevelen.
  3. Ei heks utfører skadevoldande trolldom retta mot mennesker og dyr.
  4. Ei heks deltek på heksedans og heksesabbat.
  5. Ei heks er medlem av ei djevelsk sekt.
  6. Ei heks er som regel ei kvinne.

Det høyrest unekteleg skummelt ut, og Heksehammaren er ei ekstremt kvinnefiendtleg skrift der kvinner vert sett på som svake og enkle for Djevelen å ta bustad i, særleg sidan kvinner har eit så umetteleg seksuelt behov, og Djevelen er mann.

“Therefore when a woman dips a twig in water and sprinkles the water in the air to make it rain, although she does not herself cause the rain (…) she herself nev ertheless deservedly bears the blame, because she is an infidel and does the devil’s work (Heksehammaren, 1497).”

Verket viser gjerne også til Canon Episcopi for å tilbakevise påstandar som sistnevnte held om at Djevelen kun kan forårsake hallusinasjonar, og forklarer at det tvert imot er snakk om fysisk besetting.

“For the women in this case are not to be held guiltless. For in the Canon (Episcopi 26. q. 2) such women are condemned for thinking that they are really and actu- ally transported, when they are so only in imagination; although, as we have shown above, they are at times bodily transported by devils (Heksehammaren, 1497).”

Denne skrifta gir dermed grobunn for meir bokstavelege tolkingar av ulike bisarre vrangførestellingar enn kva som tidlegare hadde vore tilfelle, noko som bidrar til å mystifisere og farleggjere hekser ytterlegare, og dermed skapar frykt for slike hendingar. Interessa for denne skrifta medførte storstilt heksebrenning. Lærde demonologar skreiv også på 1500-talet at heksene vart «heslege, utsondra vond lukt og fekk ein vondarta utsjånad gjennom den intime kontakten med Satan» (Hagen, 2007:33). Det er då kanskje ikkje så vanskeleg å førestelle seg kvar myta om den skrekkelege heksa med lang nase, vorter, rynkete hud og ellers særeiga kroppsleg framtoning kjem frå.

Det kunne til dømes vera kloke koner og sosiale avvikarar som fekk eit slikt rykte på seg. Kloke koner var slike som dreiv med kvit magi og signing (som i lesing av kristne vers) for å hjelpe med ulike problem som folk måtte ha, men vegen var kort frå kvit magi til skademagi. Litt forenkla kan ein seie at ei kvinne som fekk eit trolldomsrykte på seg, noko som gjerne tok eit par tiår, risikerte at ho før eller seinare kunne bli mistenkt for vonde ting som hende med folk rundt henne. Til dømes kan Anne Pedersdatter frå Bergen nemnast:

I det Anne skulle gi Jannike de tyske dalerne (…) [lot hun] «ein av dalerne falle ned for Jannikens føtter». Da

Janniken bøyde seg ned for å ta opp daleren fikk hun «straks hasteligen vondt, som om hun ble oppblåst av en unaturlig sykdom» (…) Siden dette skjedde i nærvær av Anne Pedersdatter – en kvinne som hadde ord på seg for å drive med trolldom – mistenkte hun straks Anne (Gilje, 2003:51).

Dette var ei av fleire tilsynelatande tilfeldigheiter som førte til at Anne til slutt vart dømd til døden. Eit rykte hadde bygd seg opp over lang tid, og dette er eit fellestrekk mellom mange kjende tilfeller av forfølging, noko som truleg har bidratt til myta om at det gjerne var eldre kvinner som var hekser. Både gifte og ugifte kvinner vart forfølgde, men når det skjedde med mange einslege kvinner kan det ha samanheng med eit syn me finn hjå til dømes Martin Luther og Jean Calvin om at enkjer og ugifte søker tilfredsstilling hjå demonar. Seksualiteten til einslege kvinner vart i det store heile sett på som noko skummelt og farleg (Hagen, 2007:32).

DET PRIMÆRE GRUNNLAGET for forfølginga er altså at folk trudde på magi og at dette i tidas syn no uansett var blitt noko vondt – kvit magi var kanskje godt meint, men det hadde noko med Satan å gjera og det var ikkje bra. Reformasjonen førte med seg auka religiøs og sosial oppløysing, noko som kan ha ført til meir vald. Folk på denne tida var generelt sett meir valdelege og utagerande, og dette medførte rask eskalering av konflikter. Respekta for menneskelivet var ikkje stor, og den sosiale kontrollen, med rykter, nabokranglar og sladder, til dømes i Bergen på denne tida, skapte mange avvikarar og langvarige feider (Gilje, 2003:166).

Samanhengar med økonomi og levekår er også påvist, noko som kan skuldast at mange slags endringar og omveltingar vart skulda på magi og hekser. Teikntolkingsevnene til enkelte lærde på denne tida var gjerne sterkt overutvikla, og ein tolka til dømes forma og rørslene til skyer som rebusaktige bodskap frå himmelen – det var ikkje langt derifrå til å skulde økonomisk krise på hemmelege hekseforbund og liknande vondskap.

Det høyrest kanskje fjernt ut for eit moderne menneske å tolke hendingar i ein magisk kontekst på denne måten, men det pågår i våre dagar trolldomsprosessar andre stader i verda, til dømes i Sør-Afrika, India, Mexico og Indonesia. Berre i juni 2001 vart rundt 800 hekser avretta i Aru-regionen i Kongo, og det som gjekk føre seg i Europa gjennom to hundreår er av mindre omfang enn det som har gått føre seg andre stader i verda dei siste femti åra i følge historikaren Wolfgang Behringer (Hagen, 2007:152). I Afrika i våre dagar vert barnehekser brende på bålet og det pågår debattar i Sør-Afrika om å kriminalisere hekseri, noko som vil seie at det statlege rettsapparatet kan forfølgje trollfolk.

Dette minner sterkt om innføringa av trolldomslover i europeiske land for rundt 400 år sidan, noko som resulterte i storstilt heksebrenning over heile kontinten tet (Hagen, 2007:153).

Årsaker til hekseprosessane både no og for 350 år sidan kan ha samanheng med oppkoma av moderniteten. Som følge av langvarig vestleg misjonering i Afrika har ein også oppnådd ei demonisering av andeverda som medfører at magi er vorte noko negativt og vert sett på som årsaker til ulukke, til dømes AIDS. Vrangførestellingar og myter, som til dømes at ein kan drive ut sjukdomen gjennom samleie med jomfruer bidrar til den hekserelaterte valden som i dag er eit aukande problem. Demoniseringa og årsakstenkinga som viser seg har tydelege fellestrekk med dei europeiske hekseprosessane.

Anten det gjeld «avslørte» myter frå populærkulturen, eller kollektive vrangførestellingar i fortid og notid er det eit eller anna mystisk ved heksefiguren som fascinerer oss. Det at ein mytisk figur står så sterkt at han kan utløyse kollektivt paranoia og massedrap i eit samfunn er skremmande verkeleg, uansett kor oppdikta heksa måtte vera.

KJELDER

  • Gilje, Nils – Heksen og humanisten (Fagbokforlaget, 2003)
  • Hagen, Rune Blix – Dei europeiske trolldomsprosessane (Samlaget, 2007)
  • Insitoris (Kramer), Heinrich/Sprenger, Jakob – Malleus Maleficarum/Heksehammaren (1497) via http://www.malleusmaleficarum.org

Legg igjen en kommentar

Du må være innlogget for å kunne legge igjen en kommentar.