ATEOLOGISTEN

alt

tekst: Peter Henning Balling Andersen + aka@uib.no foto: mads iversen + aka@uib.no

Filosofen Michel Onfray vitja nyleg studentarsamfunnet for å foredra rundt sin nyleg omsette bok Vi trenger ingen Gud. En håndbok i ateologi.

GRUNNLEGGJANDE meiner Onfray at vi må samordna vitskapsfag og nytta vår totale rasjonelle viten til å demontera og granska religionane, og slik på eit vitskapleg og rasjonelt grunnlag handsama omgrepa kring religion, Gud og trua.

HAN VISTE gjennom sitt føredrag til mange døme på inkonsekvens i kristen og islamsk historikk, og konkluderte med at desse religionane var tufta på ei samanstilling av oppdikta historier og myter. Gjennom demonteringa av religionsstrukturen og deretter ei vitskapeleg (og ofte tverrfagleg) handsaming av dei einskilde elementa, meiner Onfray å kunna visa at den institusjonelle religionskonstruksjonen byggjer på eit falsum.

SÆRLEG VAR han nådelaus mot den islamske religionen, som han karakteriserte som ein «krigsreligion». Alt som den franske stat og folk står for, fridom, likskap og brorskap, vert i konflikt med tankar og levesett hjå truande muslimar. Sidan Onfray var på besøk i Noreg gjorde han òg litt meir ut av korleis kristendomen har innverknad på våre institusjonelle liv. Han viste mellom anna til korleis ikkje-vitskapleg dokumentert kristent tenkjesett og dogma er ein vesentleg basis for haldningar og tradisjonar i våre mest grunnleggjande samfunnsinstitusjonar: rettsvesenet, skule- og helsesystemet. Og han oppmoda til å slå ned på det sjølvsagte, granske det og fri det frå kristne normer og illusjonar.

MOT SLUTTEN av føredraget, som sjølvsagt tok dobbelt tid pga. tolkinga, og der alle sat og fraus på beina av di det var ganske golvkaldt, vart det klårt at det berre ville bli ei kort spørjerunde. Men då vart det plutseleg heitt i lokalet. Eg hadde kanskje venta nokre glupe og litt intrikate spørsmål, men i staden fekk eg oppleva skikkeleg godt gamalt vestlandsk bedehusvitnemøte, om enn i ein setting eg ikkje heilt var budd på.

OPP FRÅ salen sprang ei jente til scena og tok mikrofonen. Og ho hadde mykje å seia om si tru og sin kjærleik til Jesus, om sin seksuelle fridom og å vera ein feminin kristen. Michel Onfray hadde heldigvis tolken som buffer og tok situasjonen ganske fatta. Han svara med å visa til at den etablerte og konstitusjonelle trua sannsynlegvis ikkje ville akseptera hennar måte å vera på. Og så kom neste jente, som på same måte vitna om si tru, sin kjærleik til Gud og Jesus og at ho kunna leva ut sin seksualitet og feminitet fritt og skjønt. Ein kan jo lura på kva filosofen Onfray tenkte då, men han svara slik som før og la til at han aksepterte at folk har si eiga tru og gudstolking, men at dei etablerte, og særleg dei institusjonelle haldningane verkar undertrykkjande. Endeleg, som tredje og siste spørjar i plenum, kom det ein kar som spurde korleis Onfray tenkte seg ei ny pedagogikk. Onfray svara at det må vera rom for glede og at det er moro å læra. Vi treng ikkje eit konkurransebasert system for å læra og vi treng ikkje eit konkurranse- og karakterbasert system for å leva og utvikla samfunnet.

ETTER MØTET fekk AKAs utsende ein prat med Michel Onfray, med Guro Johansen som tolk.

For ei tid sidan var eg i Nice der eg møtte ein gamal kinesar. Han spurte meg kva eg trudde på, og eg svara at eg ikkje trudde på noko, men respekterte at andre hadde si tru. Eg spurte så han kva han trudde på. Han svara han heller ikkje trudde på nokon Gud, men at han trudde på “ghosts”, forfedranes ånder. Trur du at mennesket har ei sjel?

Ja! Eg meiner mennesket har ei materiell sjel, som er uavhengig av nokon Gud, og ikkje kan eksistere utanfor kroppen.

Så når kroppen døyr, døyr sjela?
Heilt rett.

Du hadde ein definisjon på Gud som eg kjenner igjen frå da eg som 15 åring tenkte på slikt. Eg definerte Gud som det vi ikkje veit, av di når vi forstår eit fenomen vert det vitskap og ikkje tru. Så etterkvart som vi veit meir vert det mindre rom for tru og for Gud.

Kva er spørsmålet?
Du seier det må skje noko nytt. Vi må demontera religionen og trua. Men kva skjer så? Vi må jo få ein meir rasjonell og heilt ny måte å sjå verda på – eit nytt verdsbilete. Kva skjer i det tomrommet som oppstår når ein tek trua frå folk?

Det som er att er klokskapen til filosofane. Om Gud forsvinn frå menneska, så gir det plass for premissane og rasjonaliteten til filosofane.

Men vert ikkje filosofien òg ei tru?
Forskjellen er at filosofien ikkje trur på ei verd bak denne, men set fokus på verda som ho er.

Men om vi fjernar trua og all religionen i verda, kva vil då denne rasjonaliteten føre til? Er det ikkje grunn til bekymring når du tek bort all mystikken og stemning? Religion fyller kanskje ein misjon som rasjonaliteten ikkje kan?

Nei! Det er ikkje er naudsynt å læra bort myter til barna eller vaksne. Eg meiner verda ikkje har bruk for illusjonar. Det er snarare på grunn av illusjonane at verda er så valdeleg som ho er. Ein har drepe i Gud sit namn! Og eg trur ikkje at verda vert kaldare av di ein ikkje lengre trur på myter og illusjonar.

For eit års tid sidan registrerte eg at ein svensk lækjar hadde gjort ei vitskapeleg undersøking kor han samanlikna religiøsitet og genetiske kodar. Han fann at det var ein viss samanheng. Trur du at menneskja kan ha eit religiøst gen?
Nei! Så absolutt ikkje. Religiøsitet kjem fram gjennom religionane, som er kulturelt basert. Eg tykjer det er eit dumt spørsmål. Det er typisk amerikansk tangegods der ein trur at alle fenomen kan reduserast til, og forklarast som, genetikk.

Du angrip dei konstitusjonelle, og særleg dei monoteistisk, religionane av di dei skapar hat og liding, men opnar du for ein personleg tru?
Ja eg har ikkje noko i mot personleg tru. Folk må få gjera kva dei vil, men eg er i mot at religionen skal fortelja meg og andre kva vi skal gjera.

Vil det vera meir akseptabelt om kvar mann har sin Gud og si gudstru?
Ja! Det er mindre farleg med religionar som har fleire gudar. Det eg ikkje likar med dei fleste religionar er den «bakenforliggande» verda.

DEN MEST interessante bodskapen til Michel Onfray er kanskje at vi som studentar og forskarar må vera kritiske overfor dogmatiske og innarbeidde tankar. Vi må sjå med vitskapelege, kritiske auge på alle etablerte institusjonelle system, og vurdera på ny om desse, deira målsetjingar og deira handsaming av menneska kanskje er etablerte på eit feil grunnlag. Innan alle fag er det kanskje emne som treng avmystifisering. Og dette har jo Onfray så rett i. Uansett kva vi jobbar med eller forskar på bør vi stadig ha for auge at vårt grunnlag er empirisk, røynslebasert og delvis påverka av fordoms tankar. Uansett kor grundige vi er i vår tid, vil alltid grunnlaget endra seg, slik at gamle sanningar stadig treng fornying.

Legg igjen en kommentar

Du må være innlogget for å kunne legge igjen en kommentar.