DVD-MELDING: BLINDPASSASJER

blindpassasjerManus: Bing & Bringsværd
Regi: Stein Roger Bull
Produksjonsår: 1978
Speletid: 111 min

TIDFESTA HISTORIAR SOM SPÅR OM FRAMTIDA BLIR ALLTID UTDATERTE, MEN DET ER KANSKJE OGSÅ NOKO AV DET SOM GJER DEI MOROSAME Å SJÅ PÅ I ETTERTID. I 1978 VART NOREGS FØRSTE SCIENCE FICTION-SERIE PRODUSERT, OG DET AV SJØLVASTE NRK.

SERIEN HEITTE BLINDPASSASJER og var basert på eit manus av Jon Bing og Tor Åge Bringsværd. Han utspelar seg om bord på stjerneskipet Marco Polo medan mannskapet er på veg heim etter endt oppdrag. Dei har lege i rom-dvale, og då dei vaknar oppdagar dei at ein av dei har blitt erstatta av ein kopi; eit kunstig menneske. Problemet er at dei ikkje veit kven.

DET ER EIT ELEGANT mysterium, og sjølv om skodespelet er prega av det stivt fjernsynsteatralske vert ein absorbert i den gode historia, særleg dersom ein er av dei som lett let seg fascinere av romfart og futuristiske tema. Det at skodespelet er stivt er heller ikkje naudsynt ein dårleg ting; eg får riktignok inntrykk av at det er menneske frå NRK sine innspelingar av Ibsen-stykke som har forvilla seg inn på eit romskip, men det er ei interessant kjensle – kanskje til og med litt modernistisk. Kontrasta mellom den gamaldagse stilen og det futuristiske innhaldet inviterer difor sjåaren inn i morosame idéar. Dette er fjernsynsteater vi aldri har sett maken til.

DET LÅGE PRODUKSJONSBUDSJETTET medførte at ein måtte vera særs kreativ med kulisser og rekvisittar, men dei teknologiske spådomane – til dømes ved nokre ganske fikse «minnepinnar» – er tidvis imponerande framsynte. Datagrafikken som er nytta i vignetten er derimot, i lys av vår tid, meir nostalgisk og komisk enn moderne og framsynt. «Framtidsmusikken» her må også kunne nevnast, som eit av Egil Monn-Iversen sine meir kuriøse verk – det er musikk ein absolutt ikkje kan stille seg likegyldig til og dei stikkande synth-effektene passar nesten for godt.

FORFATTARANE UTTALTE nyleg i Filmfront (NRK P2, 25.3.07), i høve DVD-utgjevinga av serien, at Stanley Kubrick sin 2001: ein romodyssé (1968) var ei av inspirasjonskjeldene. På trass av skilnaden i budsjett er det tydeleg kvar inspirasjonen kjem frå, sjølv om det er nesten ti år mellom dei to produksjonane, og fascinasjonen over ein av medpassasjerane på romskipet som hemmeleg skurk er eit åpenbart fellestrekk. Året etter kom Alien (1979), ein film som på sett og vis også kan samanliknast, sidan det også her er ein blindpassasjer på skipet – han heiter jamvel. Den
åttande passasjer på norsk. Forfattarane uttalte seg om at det var trist for Blindpassasjer at Alien kom så tett på serien, men det demonstrerer jo også den samtidige interessa for romfart i film og fjernsyn; Star Wars (1977) må jo også nevnast i denne samanhengen.

VI KAN SJØLVSAGT LE av at dei til dømes framleis ikkje har funne opp flatskjermar verken i Alien eller Blindpassasjer, men det kan jo samstundes tenkjast at dei berre var litt kjappare enn oss med å utvikle romfarten, så det kan vera spanande å tenke seg korleis det truleg hadde vore å reise i verdsrommet på denne måten i 1970-åra. I Alien er det til dømes ei scene der mannskapet sit og røyker ved frokostbordet som ser veldig ut som noko frå ein tidstypisk gangsterfilm.

Legg igjen en kommentar

Du må være innlogget for å kunne legge igjen en kommentar.