Sagaen om Isfolket

Sagaen om IsfolketMargit Sandemo:
Sagaen om Isfolket,
bind 1-47
Bladforlaget
+

INGERID JORDAL + aka@uib.no

Sagaen om Isfolket

I ARTIKKELEN «Vem fan läser Margit Sandemo?» skriv Jonny Eriksson om si mistru til verka av kiosklitteraturen si dronning, og slår fast at det kun er menneske med ’låga anspråk och klena referenser’ som kan finne på å lese bøkene hennar. Andre har samanlikna Margit Sandemo sine bøker med pornografi. Noko som alle brukar, men ingen vil vedkjenna seg.

BOKSERIEN HANDLAR om slekta Isfolket sine strabasar gjennom århundra, altså eit familiedrama, eller slektssaga, velkjende ord for den erfarne lesar av kiosklitteratur, eventuelt sjåar av såpeseriar på TV. Det kviler ei forbanning over slekta Isfolket. I kvar generasjon vert det fødd eit ramma barn, med magiske krefter og mykje vondskap i seg. Dette ramma bornet er anten ei heks med kjempesvære pupper, eller ein trollmann med kjempebreie skuldre og uante kapasitetar som elskar. Kvar bok tek for seg enkeltskjebnar innanfor slekta, og går som regel (med eit par hederlege unntak) ut på at to unge menneske ikkje kan få kvarandre på grunn av diverse komplikasjonar. Men til slutt må desse gje tapt for kjærleiken og endar opp med å hoppe i høyet (bokstaveleg tala, dette er jo historiske romanar). Kvar bok endar godt, men gjerne med eit forvarsel om det som skal hende i neste bok. Det som kjem er som regel nokonlunde det same som det du allereie har lest, men med nye kulisser og hovudpersonar.

SJANGEREN ER spaning og romantikk med eit varierande tilskot av overnaturlege fenomen. Språket er enkelt og drivande

– ein kan lese fort utan å gå glipp av viktig informasjon. Hovuddramaet dreier seg om oppgåva Isfolket står overfor: å oppheve den grusomme forbannelsen som heng over dei. Det er kanskje denne kontinuiteten gjennom serien som fangar lesaren av Sagaen om Isfolket, og som gjer at ein ansjåeleg del av befolkninga har sete seg ned og lese 47 bøker om meir eller mindre ingenting. For visst les me Margit Sandemo. Over 35 millionar eksemplarer har ho seld av bøkene sine.

Å MELDE OMLAG eit halvt hundre bøker i eitt kan kanskje verke vel ambisiøst. Men nøkkelen ligg nemlig i denne enkle formuleringa: Har du lese ei, har du lese alle. Og, har du lese ei, berre må du lese alle. Klisjear, husmorporno, patetisk språkføring og naive plot oppfyller eit primært behov for underhaldning. Desse bøkene er ei fantastisk gåve til alle oss som elskar billege distraksjonar.

Legg igjen en kommentar

Du må være innlogget for å kunne legge igjen en kommentar.