KVAR ER BUNADEN?

foto:  INGERID JORDAL
–DET ER IKKJE NASJONALROMANTIKK EG FORMIDLAR, DET ER MUSIKK! SPELLDAM ANNLAUG BØRSHEIM ER SIKKER PÅ DETTE PUNKTET. OM HO OPPTRER I BUNAD ELLER MED COWBOYBOOTS ER DET DET SAME: MUSIKKEN STÅR I SENTRUM.
tekst og foto: INGERID JORDAL + aka@uib.no

KVAR ER BUNADEN?

–OMGREPET FOLKEMUSIKK er utdatert. Eg meiner tradisjonsmusikk er eit betre ord. Musikken har utvikla seg frå å vere ein tradisjon som folk flest tek del i til å verte ein sjanger. Ein sær sjanger.

–Før var tradisjonsmusikken ein naturleg del av livet til folk flest. Den blå/skeive/naturlege tonaliteten som ofte vert nemnt som eit særpreg i folkemusikken låg som ein naturlege tonalitet før den tempererte tonaliteten som er rådande i dag vart innført. Denne gamle tonaliteten er noko som dagens utøvarar innan folkemusikk må tillæra seg. Du finn den og att i mykje anna tradisjonsmusikk eller folkemusikk rundt om i verda, kanskje mest kjend i dag gjennom bluesen. Men kor mange er det i dag som eigentleg har eit forhold til det me kallar folkemusikk?

ANNLAUG ER UTDANNA folkemusikar frå Høgskulen i Telemark og Ole Bull-akademiet på Voss. Ho arbeidar som frilansmusikar på vanleg fele, hardingfele, song og gitar. I tillegg til eigne prosjekt, vert ho gjerne hyra inn av hotell eller næringsliv som «kulturelt innslag». –Då stiller eg IKKJE i bunad! Kor normalt er det eigentleg å gå rundt i bunad? Eg har komt på hotell der dei rynka litt på nasen over at klesdrakta mangla, men generelt sett tykkjer både turistar og oppdragsgivarar at det er betre å stille i moderne klede.

INSTRUMENTET HARDINGFELE vert forbunde med nasjonalromantikken, den norske folkesjela og kulturarven. Hardingfela har sine eigne geografiske områder, og framleis har dei aller fleste utøvarane si opprinning frå Telemark, Valdres, Setesdal eller Hardanger. Dette er tilknytt det nasjonalromantiske idealet som vaks fram mot slutten av 1800-talet. Det var på denne tida at ideen om «høgstatusområder», dei delane av landet som i størst grad representerte det særeigne innan norsk kultur og natur, vart populær blant borgarskapet i byane. Henrik Wergeland var ein av dei som oppmoda til storstilt nasjonalitet- og identitetsbyggjing. Norsk folkemusikk vart samla inn på landsbygdene rundt om i landet, og presentert for eit begeistra urbant publikum. Men konsekvensen var sjølvsagt at hovudvekta av det innsamla materialet kom frå desse geografisk avgrensa høgsetene for norsk kultur. Dette har gjort at folkemusikken både tradisjonelt sett og i dag har betre kår innanfor desse områda.

-DET HAR PÅ EIN MÅTE vore meir legitimt å kome frå Skjåk enn å kome frå Oslo. Men ein svært dyktig utøvar innan norsk tradisjonsmusikk på hardingfele og vanleg fele er Ånon Egeland frå Bærum. Kanskje ein av mine personlege favorittar.

DEN TIDA DÅ hardingfele verkeleg var eit folkeinstrument, var det ein viktig del av høgtid og fest. Ein spelemann som skulle spela til bryllup måtte ha eit skreddarsydd repertoar inne og han måtte vere i stand til å spele tre dagar til ende på stadig aukande promille. Kvart einaste ritual i feiringa skulle ha sin eigen slått, og mange av dei har fått namnet sitt etter bruksområdet. Til dømes ungkoneslåtten, når brura får på seg koneskautet sitt, og grautaslåtten, til maten. Eller storasengslåtten som spelte brureparet til sengs.

NORSK TRADISJONSMUSIKK har vorte basert hovudsakeleg på direkte, munnleg overlevering der gehøret står i høgsetet. Det finst noter til hardingfele, men majoriteten av opplæringa og musikken er notefri. Kven du har lært slåtten av, korleis det gjekk til og ikkje minst kor gamal han er, kan verke som at det har like stor relevans som sjølve musikkstykket. – For meg er denne delen av overleveringa mindre viktig. Det vert berre ei innmari langdryg historie om alle dei ledda som har tilverka til korleis du har klart å tileigne deg denne slåtten. Det bryr eg meg fint lite om. Dersom du gjer dette utanomsnakket til ein stor del av framføringa, stengjer du ute mykje av publikum som ikkje har nokon bakgrunnskunnskap om desse personane. For meg er det musikken som står i sentrum. Har ein ei god historie som kan knytast til musikken så er det greit nok, men lange foredrag og oppramsingar ser eg på som lite meiningsfullt i ein scenisk samanheng.

LANDSKAPPLEIKEN ER den største folkemusikkfestivalen me har i landet, men det er for meg ikkje særleg folkeleg.

–Ein kjem inn på ei scene, gjerne iført bunad, spelar to låtar for dommarpanelet og går ut att. Å ha ein konkurranse som landet sitt hovudarrangement innan folkemusikk tykkjer eg er litt trist. Det kan fort bli for mykje alvor ut av det. Konkurranse innan musikk generelt ser eg på som ganske vonlaust, men på ein landskappleik møter ein venner, kjende og nye folk, og det blir som oftast mykje bra musikk gjennom jamming og dans utover kveldar og netter …

ANNLAUG HAR for tida samarbeidsprosjekter med tradisjonsmusikarar frå Shetland.

–Der er musikken ein større del av den samtidige kulturen, ikkje minst festkulturen. Det bur om lag 23000 menneske på Shetland, og når fleire tusen av desse er spelemenn, seier det seg sjølv at miljøet er stort.

–DEI ER MEIR OPNE musikalsk sett. Om ein slått kjem frå Irland eller Norge, om den er gamal eller ny, har mindre å seie. På den måten har Norge vore noko konservativt.

–EG MEINER tradisjonsomgrepet skal vere i rørsle. I Norge har det stått i ro, eller gått bakover, på grunn av ein sterk konservatisme. Berre i Sverige har dei jo vore mykje tidlegare ute med å eksperimentere med folkemusikken. Samstundes har dei nok sedd på oss i Norge som heldige, fordi me i mykje større grad har teke vare på så mykje av musikken og dei gamle tradisjonane.

–TING HAR no endra seg, og det er mykje som skjer innan nyskaping og vidareføring av norsk tradisjonsmusikk. Det er ikkje lenger ein forutsetnad å kome frå indre Telemark eller djupaste Hardanger for å spele hardingfele. No er det fleire unge som utdannar seg, og det skapar nye, positive impulsar.

-KORLEIS HAR folkrocken påverka tradisjonsmusikken? Har utøvarar som gruppa Gåte og Odd Nordstoga bana veg for at unge i dag er opnare innstilte til trekkspel og fele?

–JA, DET TRUR EG absolutt. Men dei fleste folkrockbanda er eigentleg eit kompromiss mellom folk og rock. Den eine sida taper mot den andre. Sett på spissen har det ofte vore eit rockeband som tek med seg ei fele. Kanskje spelar dei ei folkelåt, men alt går etter rocken sine premissar, til dømes takt, akkompagnement og uttrykk.

I denne samanhengen nemnar Annlaug den svensk/finske gruppa Hedningarna, som ho meinar har lukkast i å blande dei to sjangrane og på den måten skape eit nytt uttrykk.

Bilde
NO VENTAR TURNE MED BANDET SALT, SOM VITJAR BERGEN
I VEKE 12 MED KONSERTAR PÅ HOTELL AUGUSTIN OG COLUMBI EGG.

SJØLV KOMPONERAR HO musikk for hardingfele og vanleg fele. Denne musikken går ofte utanom dei tradisjonelle slåtteformene som har sine ulike standard når det gjeld takt, melodiføring og rytme. Teknisk spelar ho tradisjonelt, med ornament og trillar som er spesielle for hardingfele, men freistar å stå friare når det gjeld melodi, takt og rytme.

–Svært mange av dei tradisjonelle låtane for hardingfele går i dur, eg likar godt å spele i moll, og har difor laga ein god del musikk i moll.

-Den siste tida har eg jobba ein del med tekst og komponering på gitar. Ellers arbeidar eg med å overvinne min teknologiske angst og leikar meg med lydkort, Cubase og innspeling på min gode venn Mac.

EIN BLIR INSPIRERT og påverka av alt det ein høyrer på og har rundt seg, og i mitt tilfellet er det svært mykje forskjellig. Kan like gjerne vera minimalistisk elektronika eller rett fram rock n’ roll. Ein låner og stel litt her og der, ofte ubevisst, slik alle andre som skaper musikk gjer. Om det er frå tradisjonsmusikken eller andre sjangrar er ikkje så viktig, det viktigaste er at resultatet blir god musikk.

–Ein kan ikkje leve av å berre spele slåttar. Uansett skal ein ikkje vere nødt til å unnskylde seg for å spele den musikken ein likar.

–SOM MUSIKAR høyrer eg ikkje heilt heime nokon plass, korkje i pop, rock eller slått. Det er kanskje betre å ha eit bein i kvar leir.

–EG SYNST jo sjølv det er litt heavy å sitja ein time i strekk og høyra på hardingfelemusikk. Det er veldig intenst.

Legg igjen en kommentar

Du må være innlogget for å kunne legge igjen en kommentar.