ETTERMÆLE

tekst: MARIANNE BOGE KARLSEN + aka@uib.no
foto: MADS IVERSEN + aka@uib.no

ETTERMÆLE

EG KUNNE TENKJE meg å starta ein tradisjon. Då vil eg føla at eg har gjort noko, etterlete meg noko viktig og kjekt. Trass alt er det ikkje mykje eg har oppnådd i mitt tredveårige liv som er verd å minnast.

BallongtreKANSKJE EG SKULLE starta ein ballongdag for å fremja fest og glede? Til dømes den 3. november. Den tida på året er så mørk og trist, mest sannsynleg regnvåt, og utan nokon festdagar eller høgtider. Så kva med å fylla dagen med ballongar i alle slags fargar og storleikar! Raude og blå, med bamsar og prinsesser på. Rosa ballongdachsar og andre figurar. Konkurransar i å blåsa opp ballongar, og så den der alle har ein ballong festa til foten og det er om å gjera å sprekka dei hine sine, og stå att med den einaste heile. Dessutan kunne me hatt turar i luftballong, pynta bussane, og laga små varmluftsballongar av silkepapir som ville lysa fint opp mot haustnatta.

UANSETT SÅ MÅ vel Bergen vera staden å gjera det. Dersom eg den 3. november i år og neste år får samla ein del folk ein stad, og me pyntar med ballongar og et og drikk og kosar oss – då har eg skapt ein tradisjon! Då er det berre å setja ned komiteen til 2009-feiringa.

HADDE VORE FINT det, ja. Etter kvart ville det verta fleire og fleire som fekk høyra om og vera med på å feira ballongdagen. Kan hende ville han spreia seg til fleire byer og bygder slik at det kunne verta ein gla’dag for heile folket! Det ville nok teke litt tid å få han ordentleg innarbeidd, men du så kjekt og fint.

OG NÅR EG så sat på sjukeheimen og så vidt gadd kika utover fjorden ville barneskuleelevar koma med ballongar den 3. november og ha eit lite opptrinn i kvar etasje. Eg ville smila svakt, ta imot ballongen som eg fekk og gle meg av di eg hadde vore den som la grunnlaget for denne fine festen, og at han ville leva etter meg. På grava mi ville sambygdingane mine festa ballongar kvar 3. november for å minnast meg og det eg gav til ettertida … Reint udøyeleg ville eg verta, hugsa og heidra i tiår etter tiår.

UNDRAST PÅ KVA dei ville tenkja om dagen i 2205. Når fem på gata-spaltene i avisene spurde «Kvifor feirar me ballongdagen», kva ville dei då svara? Ville kommunestyret løyva pengar for å henga ballongar på gravsteinen min, eller vart han fjerna då fredingstida var over for at ein annan skulle få ha kista si der? Hadde feiringa vorte fullstendig overteken av kommersielle krefter slik at kjøpepresset vart himmelhøgt for barnefamiliar og kjærastepar? Og alle ballongane som suste mot himmelen – med eller utan vilje – dei ville vel hindra flytrafikken i så stor grad at det vart ulovleg å blåsa opp ballongane med helium eller annan gass med lågare tettleik enn luft. I alle fall den dagen.

TJA. Kvifor bry seg om det som kan henda i framtida? Eg skal nok finna meg ein ballong å blåsa opp 3. november, eg.

Legg igjen en kommentar

Du må være innlogget for å kunne legge igjen en kommentar.