OPPOSISJON MOT DØDEN

NAVN: INGERID JORDAL
FAG: MASTER OF ARTS (IN PHOTOGRAPIC STUDIES

PÅ SLUTTEN AV 1800-TALET VAR DET VANLEG Å FOTOGRAFERE DEI DØDE I BÅDE EUROPA OG USA.

OPPOSISJON MOT DØDEN

EI VIKTORIANSKE KLEDD kvinne med store auger stirar på oss frå eit skite og flekkete fotografi i ei slitt treramme. Ho har sete opp håret og sit rett i ryggen med ei hand rundt barnet som ligg tulla inn i eit pledd på fanget hennar – dandert for fotografen.
Eit klassisk portrett av mor med barn. Ungen ser ut som han søv, men i verkelegheita er han daud. 1850, Daguerrotype, aust-Amerika, 23 år etter fotografiet si opprinning, og eit par tiår før den store boomen av denne typen fotografi. Då fotografiet utover 1800-talet demokratiserte representasjonen (det vil seie gjorde han økonomisk tilgjengeleg), vart skikken med å avbilde sine døde svoert utbreidd. I tiåra 1890,1900 og 1910 var post mortem-fotografi på sitt mest populoere, hovudsakleg i England og Amerika. Her ynskjer eg å belyse fenomenet noerare ved å diskutere kva forutsetnadar som låg til grunn for denne skikken, og korleis den kan samanliknast med liknande tendensar innan dagens visuelle samfunn.

INNTIL 1800-TALET vart døden sett på som ein svoert naturleg del av kvardagen. For det fyrste var det fleire då enn no som døydde i yngre alder. Gravlegginga var hovudsakleg ei praktisk affoere, og bar meir preg av å bera ut boset enn det vi i dag forbinder med gravleggingsseremoniar. Døden vart handsama nøytralt.
Individualitet var forbeholdt overklassen, og ikkje før 1900-talet vart det skikk at vanlege folk fekk sine eigne graver. Mykje vart endra frå utover 1800-talet. Då samfunnet gjekk gjennom store omveltingar under den industrielle revolusjonen, endra òg dødsrituala seg. Familiar vart mindre og urbaniserte. Døden, som før hadde vore ei offentleg sak, vart no handsama innafor denne vetle familien, i staden for å verta eit anliggande som vedkom eit heilt lite samfunn. Det melankolske og emosjonelle aspektet vaks, fordi familiemedlemmene stod kvarandre noerare enn før. Som fylgje av denne noerleiken og avhengigheita, hadde eit dødsfall no fleire omstendigheiter.

Å SØRGJE OFFENTLEG vart ein slags mote, spesielt for overklassen. Kvinnebladet Harper’s Bazaar frå 1886 trykkar ein artikkel med tittelen «Mourning and Funeral Usages (Victorian Etiquette for Funerals)». Her kan ein lese kva som var sosialt pålagde plikter innan klesdrakt og oppførsel etter eit dødsfall i nær familie. Ei enke måtte belage seg på 18 månadars sørgjetid med dertil egna klede og oppførsel: «No one wearing a heavy crape veil should go to a gay reception, a wedding, or a theatre; the thing is incongruous.»

foto: INGERID JORDAL + aka@uib.no

foto: INGERID JORDAL + aka@uib.no

DEN STYRKA familiekjensla og mellommennesklege nærleiken kan me sjå fleire eksempel på. Dan Meinwald nemnar i sin artikkel Memento Mori: Death and Photography in Nineteenth Century America fleire litterære eksempel som speglar tidene si skiftande oppfatning av døden, m.a. Onkel Toms Hytte frå 1852. Barnet Eva dør, og far hennar reagerar slik: «Farewell, beloved child! the bright, eternal doors have closed after thee; we shall see thy sweet face no more. O, woe for them who watched thy entrance into heaven, when they shall wake and find only the cold gray sky of daily life, and thou gone forever!»

H. C. ANDERSEN har i sitt dikt Det Døende Barn nærma seg liknande type romantisering:

Moder, ser du englen ved min side?
Hører du den dejlige musik?
Se, han har to vinger smukke hvide,
Dem han sikkert af vor Herre fik,
Grønt og gult og rødt for øjet svæver,
Det er blomster engelen udstrøer!
Får jeg også vinger mens jeg lever,
eller, moder, får jeg når jeg dør?

H. C. Andersen: Det døende Barn (1827)

SETT I LYSET av denne nye kulturen som vaks fram, er det enklare å forstå dei sosiale mekanismane som gjorde det akseptert, og populært, å avbilde sine døde. I tillegg var fotografi eit nytt, og i seg sjølv fascinerande medium. I dag har fotografiet ein heilt annan posisjon i den kollektive oppfattinga, og vi assosierer det med ei mengd ulike bruksområde innan reklame, mote, presse og til personlig forbruk. Vi forstår den tekniske prosessen som ligg bak fotograferinga, og fotografiet har ikkje lenger sin tidlegare opphøgde status.

FORTOGRAFIET VAR i det heile teke eksklusivt og forunderleg. Eit portrett vart uløyseleg knytt til individet og til individuell verd, noko som vart viktigare og viktigare i samfunnet, spesielt det amerikanske. Post mortem-fotografiet var ikkje berre eit bilete av den avdøde, det vart oppfatta som ein del av den avdøde. Bileta er som regel av barn. Kanskje fordi ein var meir emosjonelt knytt til små barn, kanskje fordi borna enno var så små når dei døydde at det ikkje fanst noko bilete av dei. Denne tronga til å klamre seg til ei avbilding kan i vårt noverande samfunn verke både naiv i sitt verdssyn og morbid i sitt utrykk.

KUNSTNAREN J. CHANG skildrar eit bilete av to unge gutar. Den eine ligg på sofaen med auga lukka, den andre står bak han, auga opne. Det er eit post mortem-fotografi av to svarte tvillingar, 1863, Atlanta, USA. Den gjenlevande tvillingen har posert saman med sin avdøydde bror for å få eit minne om denne, men også for å få eit minne av dei –saman. I dette fotografiet er dei definerte ut frå kvarandre, som eit par. Slik har deira foreldre ynskja å minnast dei. For den gjenlevande tvilling, argumenterer Chang, er dette eit dobbelt tap – tapet av sin bror og tapet av eit sjølv. Hans «eigentlige identitet» er fastlåst i fotografiet. Dette er eit døme på korleis post mortem- fotografi ofte syner den avdøydde saman med levande menneske. Gjerne eit familiebilete der ei krybbe dandert med blomar står i midten, som inneheldt det «sovande» barnet. Svevna som metafor på døden er velkjend, men like mykje var det eit ynskje frå familien å framstille den avdøydde som om han framleis var med dei i livet.

I MODERNE psykologi er ei slik form for benekting av død sett på som akutt sorg, og som patologisk. Men sorgbearbeiding er sterkt knytta til kultur, ikkje berre tid. Meinwald, som skriv ut i frå eit amerikansk synspunkt, framheld gravferdsagenten som ein direkte arvtakar etter post mortem-fotografen. Han sminkar lik, steller dei på håret og gjer dei presentable for gravleggingsseremonien, der den avdøydde helst skal sjå alt anna enn daud ut.

MEINWALD ARGUMENTERAR for at post mortem-fotografia representerer eit behov som er unikt for den tida dei vart produserte i. Han framheld at notidas terapi er å gløyme, men at sorgbearbeiding på 1800-talet hovudsakeleg bestod av å behalde biletet (i bokstaveleg og overført tyding) av den avdøydde. Den store forskjellen ligg altså i minnet. Fotografiet er noko me tek med oss vidare, bevarar, ei konstant påminning om detsom har skjedd. Som nemnt tidlegare har vår tid fokusert sorga rundt prosessen med å gløyme. «Normal» bearbeiding av sorg er «emancipation from the bondage to the deceased, readjustment to the environment in which the deceased is missing, and the formation of new relationships.» (Meinwald 1990). Ein sterk kontrastmot korleis sorga vart handsama før, t.d. slik som våre tippoldemødre så nøye kunne få innføring i via den tid sine dameblad. Den er i dag minska til eit minimumskrav om mørke klede i gravleggingsseremoniar.

I VÅR TID og vårt samfunn er døden, i form av den daude kroppen, usynleg i både det offentlege og private rom. Som fylgje av dette er det kanskje fyrst og fremst det framande, ukjente aspektet ved post mortem-fotografi som gjer inntrykk på oss. Vi ynskjer å gløyme, men desse fotografia vitnar om ein kultur der ein ville hugse. Døden som fenomen har trekt seg tilbake, og berører oss mindre og mindre. Desse små slitne fotografia symboliserar ein opposisjon mot døden, ein død som me ikkje vil verta minte om.

Kjelder:

  • Jina Chang: Cinders Of Life – Death and Photography, Afterimage Mai 2002
  • Dan Meinwald: Memento Mori, Death In Nineteenth Century Photography, California Museum of Photography Bulletin, vol. 9, nr. 4 (1990)
  • Mourning and Funeral Usages, Harper’s Bazar, April 17,1886 [electronic edition], http://harpersbazaar.victorian-ebooks.com

Legg igjen en kommentar

Du må være innlogget for å kunne legge igjen en kommentar.