LEIAR

DU SOM LES dette er levande, det er det vel ingen tvil om – men det er vel få ting det er filosofert så mykje over som liv og død. Og så lenge ein lever må ein vel fylla livet med innhald? Dessutan er død noko me som lever må forholda oss til. Menneske i vår nærleik døyr, menneske langt vekke døyr i hopetal – alle som lever skal døy. Hausten som årstid er knytt til det å visne og døy, – men livet går jo berre i dvale til våren (eller ein altfor varm haust) kjem. Så kva hender med oss menneske, vil me treffa kvarandre att? Vert det slik som i Astrid Lindgrens Brødrene Løvehjerte nye og spanande eventyr?

DØDEN ER kanskje langt vekke i våre daglegliv, men tenkjer me over at me lever? Kva er det å leva, korleis bør ein leva…?

I DETTE AKA er slike eksistensielle funderingar tema. Me har fått mange bidrag som skildrar problemstillingar, både i ord og bilete. Me vonar dei er interessante og til ettertanke.

TEMAET LIV & DØD vart bestemt tidleg i haust, og då var det ein song som gjentekne gonger vart spelt på ulike radiokanalar. Den går rett inn i vårt tema, kanskje er det difor han sette seg så fast i hovudet mitt. Du har gjerne høyrt den óg, Lars Martin Myhres Trøstesang (frå plata Stengetid?, 2006): «Så skål for vår fødsel, vårt liv og vår død. Vår daglige dont og vårt daglige brød. Skål for den evige hvile»

NESTE NUMMER kjem i februar 2007, og har tema tradisjon. Dessutan vil det vel bæra litt preg av at AKA har eksistert i fem år.

Legg igjen en kommentar

Du må være innlogget for å kunne legge igjen en kommentar.