STOFFINNSAMLING

NAVN: MARIANNE BOGE KARLSEN
FAG: HØGSKOLEKANDIDAT I MEDIETEKNIKK

STOFFINNSAMLING

BAK EIT RADIOPROGRAM KAN DET LIGGJE MYKJE ARBEID. FØREBUING ER VIKTIG. KANSKJE DET VIKTIGASTE. FOR ER EIN GODT BUDD GÅR ALT EIN MÅ GJERA ETTERPÅ LETTARE OG FORTARE.

VÅREN 1997 skulle eg og tre andre studentar laga eit timeslangt radioprogram i samband med praktisk eksamen i radioteknikk ved Høgskolen i Lillehammer. Timen skulle innehalde nyhende, intervju, musikk og radiomontasje. Ein montasje er satt saman av intervju, musikk, effektar, kommentarar og blokker. Blokk er på radiospråket ei kommentarstemme som gjev reine fakta og utfyllande informasjon som bind saman dei ulike delane i ein reportasje eller radiomontasje. Etter litt idemyldring i kantina fann me ut at me ville laga eit program som hadde ungdom som målgruppe, og me ville ha eit magasinprogram. Ein i gruppa skulle på Hyperstate i Oslo Spektrum natt til fyrste mai, og ville gjerne laga reportasje derifrå. Me kom til at hovudtema i programmet kunne vera narkotika, for «alle» visste jo at det florerte av ecstasy i house-miljøet.

«IDEMYLDRING I KANTINA»

FORARBEIDET VAR viktig. Me fann brosjyrer som fortalde om verknader ved bruk av ecstasy, hasj, LDS osb og planla kva spørsmål og utsegner me gjerne ville ha med. Dessutan laga me oss ein plan. Det skulle vera ein stor montasje frå Hyperstate, dialog mellom programleiarane i studio før og etter denne, og så intervju som meir direkte skulle fortelja om dop og verknader ved bruk av stoff.

TO I TEAMET fór til Spektrum og koste seg med bra musikk, intervjua ungdom om dans, musikk og deira tilhøve til dop og fekk politiet sine kommentarar. Me andre væpna oss med spørsmål, opptakar og mikrofon og reiste til Oslo, der me hadde intervju avtalar hjå Ungdom mot Narkotika, Giftinformasjonssentralen og Psykiatrisk Ungdomsteam (PUT) ved Ullevål sykehus. Sjølvsagt kunne me ha lest opp frå brosjyrane, men det vert dårleg radio. Når me kunne senda det ein fagperson sa i staden for å visa til ei brosjyre ville det heile verta meir truverdig. Dessutan er det er kjekt å høyre fleire stemmer.

FRÅ GIFTINFORMASJONSSENTRALEN fekk me fakta om korleis kroppen reagerer på dop, særleg ecstasy, som var det me konsentrerte oss om. Intervjuobjektet frå Psykiatrisk Ungdomsteam fortalde om ungdom ho møtte i arbeidet sitt som hadde fått, eller fått forverra, psykosar og angst etter bruk av dop. Ikkje berre etter langvarig bruk, det kunne vera nok med ein tablett. Dessutan var dette ganske nytt, så det heilt store forskingsgrunnlaget frå Noreg var det ikkje. Hjå Ungdom mot Narkotika var det særleg førebygging som var aktuelt. Korleis kan ein unngå å gjera dop freistande slik at tenåringar ynskjer å rusa seg for å ha det kjekt? Våre utsende til Hyperstate fekk kontakt med ein på gata som på spørsmål om han ikkje var redd for å få psykose eller angst svara ‹‹eg vert nok psykotisk ein gong i framtida, men eg tenkjer ikkje så mykje på det››. Det er mogleg me fire var usedvanleg prektige og uvitande, men det gjorde oss litt forskrekka. Det var eit sitat me berre måtte ha med, og å ha fått det på band var vel eit slags lukketreff.

TIDA VAR INNE FOR Å SY DETTE SAMAN

ETTER DENNE innsamlinga sat me att intervju med og uttalar frå mange menneske, ein god del brosjyrar og musikk. Tida var inne for å sy dette saman til ein heilskap som skulle ta ein god halvtime av programmet vårt. Resultatet vart som fylgjer: Ein enquete (kort spørjeundersøking) om kva menneske med ulikt kjønn og alder tenkte om Hyperstate. Intervju med ansvarleg arrangør om artistar og sjølve arrangementet, uttalar frå ungdommar om kostymer og hårfrisyrar, kvifor dei likar musikken og dansinga så godt og kva dei tenkjer om dop. I tillegg var det intervju med ein politiførstebetjent. Han sa at det ordensmessig hadde gått greitt, når ein tenk på at det var over 5000 ungdommar samla. Intervjuet med politiet handla hovudsakeleg om dei hadde beslaglagt narkotika, og eventuelt kor mykje. Det ville dei ikkje svara på då, men det vart henta inn informasjon om dette frå NTB i ettertid som vart lagt til i ei blokk. Det vart òg eit intervju med ei kvinne frå Uteseksjonen i Oslo kommune som var til stades med kampanjen «Stopp dopet, ikke dansinga». Innimellom var det musikk for som midla stemninga og fungera som eit skilja mellom dei ulike delane.

Micfoto: INGERID JORDAL + aka@uib.no
BASERT PÅ DET som vart sagt i denne montasjen vart det laga ein dialog mellom dei to programleiarane i studio. Denne innehald nokre fakta om dop, og kommentarar til dei elementa som var ferdige på band. Dialogen leidde over til utsegna frå den anonyme på gata og intervjuet med psykologen frå PUT. Av dei tre intervjua me gjorde nytta me berre dette. Dels av di dette var hovudintervjuet vårt og dels fekk me ikkje tid til dei andre. Opphavleg hadde me tenkt å nytta sitat frå dei andre to intervjua som kommentarar og utdjuping av det som vart sagt i hovudintervjuet, men me fann ikkje passande sitat. Intervjuet med psykologen varte opphavleg i 20 min, men vart korta ned til 5-6. Me la vekt på faktainformasjon, dømer og hennar erfaringar.

PLANLEGGINGA gjekk hovudsakeleg ut på å finne ut kven me ville snakka med, kva me ville spørja dei om, og kva me ville dei skulle seia. Deretter leita me opp og gjorde avtaler med aktuelle personar. Når det gjaldt enqueten og ungdommane i Spektrum vart det meir spontant. Det gjaldt å sjå seg rundt etter passande personar og høyre om dei ville vera med. Ellers var utsendingane våre på pressekonferansen i forkant av arrangementet og hadde avtale med arrangøren. Noko av det me lærte i timane i journalistikk var å stilla budd til intervjuet. Mao ha klart for oss kva me ville spørja om og kva me ville ha fram. Dessutan burde me lytta slik at me kunne stilla oppfylgingsspørsmål.

NÅR DET GJALDT det reint tekniske var det å plassera mikrofonen slik at me fekk med alt som vart sagt klårt og tydeleg, utan for mykje bakgrunnsstøy som ville gjera det umogeleg å klippa i intervjuet. For oss som møtte folk på kontora sine var det enkelt. Når ein skal snakka med menneske i ein sal der det vert spelt musikk på temmeleg høgt volum vert det verre. Løysinga vart å snakka med folk i gangane utanfor.

ME HADDE tre veker til å laga programmet, så særleg realistisk vart det ikkje med tanke på om me skulle ha laga eit tilsvarande magasinprogram kvar veke. Då hadde me hatt meir tidspress og kortare tid til å gjera intervju og redigering. Dette på grunn av aktualiteten. På den andre sida hadde me gjerne vore meir erfarne, og antakeleg hatt ein større redaksjon. Me fekk uansett god innsikt i arbeidsmetodane for å produsere denne typen program.

Legg igjen en kommentar

Du må være innlogget for å kunne legge igjen en kommentar.