TREDJESISTE: FASHIONISTA FRÅ FJELLHEIMEN

tekst: INGERID JORDAL + aka@uib.no

CHRISTEL JØSENDAL TVEDT tek med seg inspirasjon heimanfrå til motestudiene i Italia. Ho studerar tredje året på ein Bachelor innanfor klesdesign på Nuova Accademia di Belle Arti Milano. Ein sterk kontrast til heimstaden Røldal, ei fjellbygd aust i Hordaland mest kjent for eit skisenter og ei stavkyrkje. Ho drog til Italia etter å ha fullført eit år på Asker Kunst og Design College. Eit seks veker langt språkkurs var grunnlaget ho hadde då ho byrja på Bachelor med italiensk som undervisningsspråk.

PÅ SKULEN får elevane undervisning innan kunst- og motehistorie, praktisk sying og mønsterproduksjon, samt hovudemnet motedesign. For Christel er ideutviklinga det mest interessante aspektet. Ho beskriv arbeidsprosessen bak ein kjole: ‹‹Eg tek utgangspunkt i ein grunnleggjande ide, og arbeidar alltid ut i frå former. Her er det t.d. hardangerbunaden som har inspirert utforminga av overdelen.›› Etter å ha funne eit tema, gjer ho research rundt emnet for å få mest mogleg bakgrunnsinformasjon om forma sitt opphav. Kreasjonen vert utforma på papiret, og etter det kan mønsteret utviklast. Til slutt vert sjølve plagget produsert av designaren sjølv. Denne prosessen kan ta om lag ein månad med intensivt arbeid.

VAL AV STOFF er konsekvent i samsvar med ideen. Her skal det ikkje vera noko ‹‹high-tech›› materialer. Naturlege stoff som ull, lin, bomull og silke vidareførar og legg tyngde til den opprinnelege ideen. Den bunadsinspirerte kjolen er ein elegant, sid selskapskjole i silke. På skjørtekanten er det sydd på ei rand hjorteskinn, som lagar ein røff kontrast til det mjuke, fine silkestoffet.

I KREASJONANE kan ein kjenne att dragehovud, treskjeringsmønster og stavkyrkjekonstruksjonar, men berre om ein ser godt etter. Det er inga slavisk etterfylgjing av dei opprinnelege formene, heller små hint om kvar ideen oppstod. Ein kjole har henta inspirasjon frå takene på stavkyrkjer, gjenspegla i skjørtet sine mange lag som foldar seg over kvarandre heile vegen nedover Det er denne måten å nytte idear og inspirasjon på som gjev klea eit spesielt preg utan å verke påtrengande. Stoffval og form utfyller kvarandre i samsvar med eit konsept.

Legg igjen en kommentar

Du må være innlogget for å kunne legge igjen en kommentar.