NORMALITETS LITTERATUR

Torgeir Skorgen
Artenes Oppfinnelse
Rasetenkningens Historie
272 sider
Spartacus Forlag 2002

«KVA ER EIT MENNESKE?» spør forfattaren innleiingsvis. Finst det noko universelt menneskeleg som bind menneskeslekta saman, eller må dette spørsmålet svarast for av kvart folk og kvar gruppe især?

ARTENES OPPFINNELSE er ein gjennomgong av europeisk rasetenking, historia om korleis dette spørsmålet har vorte handsama opp gjennom tidene. Frå dei greske klassisistiske venleiksideala til skallemåling i Norge, har ei lang rekkje med teoretikarar, filosofar, legar og vitskapsmenn sett sitt preg på kva «rasetenking» eigentleg er, og kva funksjon denne har. Framandfrykt er eit gamalt begrep, men rasisme (direkte oversett «raselære») som er bygd på ideen om at ytre biologi predikerer indre mentalitet, er eit relativt moderne fenomen. Det var fyrst i 1700-talets Europa at den klassiske rasismen oppstod, og opp gjennom vel tre hundre år har den teke mange former og hatt mange tilhengjarar.

HER ER DET MYKJE vitskap på ville vegar, som boka har mange eksempel på undervegs. Heldigvis er ikkje dette ei oppramsing av sjokkerande fakta. Forfattaren har ungått å kvile ved sensasjonelle historiar om metodar mot «livsuverdig liv», men har samstundes freista å gje eit bilete på dei miljø, teoriar og haldningar som ligg til grunn for desse. Ikkje berre var innprenting av raseteoriar politiske reiskap som har rettferdiggjort t.d. nedslaktinga av indianarane, slavehandelen, koloniseringa eller undertrykkjinga av samane, dei ansvarlege vitskapsfolka som sto bak var ofte overtydde om at dei gjorde menneskeslekta ei teneste ved å «luke bort ugresset».

SKORGEN HEVDAR at å dele inn menneske i rasar er noko anna enn å fastslå biologiske forskjellar. «Raseinndeling handler først og fremst om min og din identitet, om hvordan vi oppfatter oss selv og ’de andre’ som mennesker». For å danne identitet, må me som kjent fyrst definere oss som det me ikkje er, og til dette føremålet trengs dei andre, som me tilskriv alle dei negative egenskapane me ynskjer å distansere oss frå.

BOKA ER SKRIVE
som ein respons til dei haldningar som framleis florerer i dagens samfunn, og ikkje berre som ei historisk latterleggjering av og distansering frå fortidas feilgrep. Me vert minte på at sjølv om openberre og offentlege raseteoriar kanskje ikkje er like lette å få auge på i dag, lever dei i beste velgåande, som institusjonelle, kulturelle eller etniske former for rasisme. Uttrykk som «temperament» har t.d. sitt utspring i teoriar rundt fysiognomi. Det mindre intellektuelt stimulerande vert framleis henvist til som «lavpanna».

ARTENES OPPFINNELSE
er ei informativ og velskrive bok om systematisk normalisering og abnormalisering på grunnlag av biologiske og kulturelle forskjellar. Her er ei innføring i temaet, men for djuptgåande detaljar og analyse bør ein oppsøkje kjeldene. Mykje biletmateriale bidreg til ei interessant lesing, og ein del trykkfeil til tross er den vel verdt eit par timar. Til tiders tragikomisk og framleis aktuell.

Legg igjen en kommentar

Du må være innlogget for å kunne legge igjen en kommentar.