LEIAR

NORMALITET ER EIT svært elastisk begrep, som kan tøyast og bøyast i alle
retningar for å passe forskjellige kulturar og subkulturar. I boka Du er Jeg fortel Gry
Jannicke Jarlum om sine UFO-opplevingar, og korleis dei utomjordiske har kommunisert
med henne gjennom t.d. automatskrift. Ho hevdar å ha motteke store deler av
boka på denne måten, og i tillegg fått kanalisert både musikk og sangtekstar, som er
spelt inn på ein CD som ligg ved. Sjølv seier ho at ho finn logikk i alt som er skrive.

DET SOM ER HEILT NORMALT i ei gruppe, kan være veldig sært i ei anna.
Og no snakkar me ikkje berre om dei store linjene. Er du t.d. russ, er du friteke frå
mange sosiale lovar og reglar, og du kan springe naken på festplassen kl. 5 om natta,
eller å gå på tur med frossenfisk i band. Og dette utan at nokon trekk din normalitet
i tvil. Dette er nemleg den normale, forventa oppførselen til ein gjennomsnittleg
russ. Det trengs vel neppe ei vidare utgreiing om konsekvensane for middelaldrande
mannfolk som spring nakne rundt i byen midt på natta.

VÅRENS SISTE AKA har tema normalitet.
I tillegg har me ei sak knytta til forrige tema, makt.

NESTE UTGÅVE som kjem til hausten har tema stoff. Dersom du ynskjer å bidra
med artiklar, bilete eller illustrasjonar, kan du kontakte oss på aka@uib.no
God sommar!

Legg igjen en kommentar

Du må være innlogget for å kunne legge igjen en kommentar.