FRODIG BEGJÆR

av ANEMARI NEPLE

LUKTEN AV BRENT OVERHEADPLAST OM MORGENEN, SELSOM OMGANG MED MYRMOSE OG ET EKTEPAR SOM VIL AT ORDFØREREN SKAL ERKLÆRE KOMMUNEN FOR EN ANARKISTISK STAT. DETTE ER BARE NOEN AV INGREDIENSENE I ØYSTEIN VIDNES’ NYE, FRAMIFRÅ ROMAN EKSTASAR (SAMLAGET 2006).

Vindnes bok«Eg gjekk inn på arbeidsrommet og sette meg framfor
datamaskinen, som gav frå seg dei kjende surkle- og snorkeaktige
lydane då eg slo han på.»(s. 74).

Øysten VindnesØYSTEIN VIDNES (1976) debuterte med den kritikerroste Bondeforteljingar i 2002. Ekstasar er hans andre bok. Hovedpersonen i denne romanen er en ordfører som trygt kan sies å bevege seg på grensen av det normale.

foto: HERBORG PEDERSEN


AKA MINI-INTERVJUER ØYSTEIN VIDNES:
Først et spørsmål om kategoriene ”normalitet” og ”ekstase”. Vil du si at dette er kategorier som utelukker hverandre, eller er de kanskje også gjensidig avhengige av hverandre? Og kan det finnes en ”normal ekstase”?

–Ja, om vi snakkar om mennesklege tilstandar eller opplevingar:
ein normaltilstand og eit eksempel på noko som ikkje er ein normaltilstand. Dermed blir vel «normalitet» og «ekstase» gjensidig utelukkande. Men òg avhengig av veksling: Det er vanskeleg, eller rettare sagt umogleg, å tenkje seg ein permanent ekstase. Det vil vi i så fall namngi med ein diagnose. Tydinga av ordet er jo noko i retning av å stå utanfor seg sjølv. Etymologisk sporer dei ordet ekstasis frå gresk, der verbet histanai tyder å plassere, statisk, men forstavinga ek frigjer resten av ordet, så det blir ut av det statiske. Historisk knyter ein vel det ekstatsike til religiøse opplevingar, men ulike kulturar og epokar har jo sett både ulike ekstasar og ulike måtar å kome inn i dei på. Dermed er det nærliggande å hevde at alle ekstasar på sett og vis er normale, iallfall om ein ser litt stort på det. Enkelte ekstasar er jo også så normale at vi knapt legg merke til dei, knytt til søvn, mat og andre ut-av- eller inn-i-kroppenopplevingar.

Så til et typisk forfatterintervju-spørsmål: Dette er din andre bok. Andreboka kalles som kjent gjerne ”den vanskelige andreboka”. Hvor normalt er det at andreboka er vanskelig for en forfatter, tror du? Og hvor vanskelig var andreboka i ditt tilfelle?

–Ja, det er normalt at andreboka er vanskeleg. Ikkje nødvendigvis meir vanskeleg enn den første, men på ein litt annan måte. Det ein vinn på å ikkje vere nybegynnar, taper ein ved å ha forventningar. Som regel mest sine eigne forventningar, sjølvsagt, men det er jo dei som er viktigast og verst. Kanskje er eg unormal, for denne andreboka var om lag akkurat like vanskeleg som den første. Eg brukte om lag like lang tid – tre år, pluss minus – og ho vart på om lag like mange sider.

Til sist et spørsmål av mer samfunnsmessig art: Hvor langt ut er det tilrådelig for den jevne ordfører å bevege seg i retning av normalitetens grenser?

–Det er ikkje tilrådeleg for ein ordførar å tenkje gjennom eit slikt spørsmål. Å vere ordførar jo ikkje ei lett rolle å innta, og det blir sjølvsagt frykteleg komplisert dersom han i tillegg til å vere ordførar også skal vere normal.

Legg igjen en kommentar

Du må være innlogget for å kunne legge igjen en kommentar.