DET ABNORMALE, DET ANDRE OG DET UHYRLEGE

av INGERID JORDAL

FOR OVER 70 ÅR SIDAN VART FILMEN FREAKS BANNLYST FRÅ LERRETET I BÅDE USA OG ENGLAND GRUNNA SJOKKERANDE SCENER SOM VISTE DEFORMERTE MENNESKE – SÅKALLA «FREAKS». STEMPLA SOM MORALSK FORKASTELEG VART DEN IGNORERT I MANGE ÅR, MEDAN ANDRE FILMAR SOM TOK OPP LIKNANDE TEMA PASSERTE SENSUREN.

OFFENTLEGE framsyningar av det abnormale har alltid fascinert. Sjølv om pre-victorianske Freak Shows ikkje lenger eksisterer i deira originale form, har andre former for representasjon teke over, og fyller kanskje i dag det same behovet
desse gjorde for over 100 år sidan.
Denne artikkelen tek for seg filmverdas framstilling av det abnormale, det andre og det uhyrlege. Med utgangspunkt i Tod Browning’s kultklassikar Freaks frå 1932 vil eg forsøke å gje eit kort innblikk i denne typen film. Med type film meiner eg spelefilmar som tek opp og portretterer mentale og fysiske abnormaliteter innanfor ei «realistisk» ramme, og eg vil her ikkje berøre fantasy- eller dokumentarsjangeren.

I ESSAYET «From Freaks to Savants» av Fiona Whittington-Walsh, argumenterer ho for at framstilling av funksjonsheming og abnormalitet i film har i bortimot samtlege produksjonar bidrege til, heller enn å bryte ned, stereotypiske oppfatningar om menneska dei portretterer. Ho framheld Freaks av Tod Browning som eit hederleg unntak. Men denne filmen vart stoppa i sensuren både i USA og England.

I argue what truly offends, shocks audiences and critics
alike and the reason for the film’s continued «banishment»
is not only the visibility of the actors with
disabilities, but also the fact that Browning and his actors
found no shame in showcasing their diversity. It is
within both the criticism of them and the mainstream
films depicting characters with disabilities where the
institutional rejection of diversity is found, not in the
images Browning showcased.

FOR Å UNDERBYGGJE sine argument går forfattaren gjennom ei rekkje filmar som har vorte motteke på ein
svært annleis måte, og lovprisa av både kritikarar og publikum. Det beste eksempelet på dette må være storfilmen Forrest Gump frå 1994. Andre eksempel er The Hunchback of Notre Dame (1939), Charly (1966), To Kill a Mockingbird (1969), Rain Man (1988), My Left Foot (1989), og Sling Blade (1996). Alle desse har motteke og/eller vore nominert til ein eller fleire Oscar.

I FILMLITTERATUREN vert det hevda at filmar som tek opp temaet stigmatiserer individ som uskuldige og barnlege, autistiske, isolerte, patologiserte, sjølvoppofrande, aseksuelle, avhengige av andre og valdelege. Eit anna problem
er at skodespelarar utan funksjonshemming portretterer funksjonshemming. I dagens samfunn kan ein ikkje lenger bruke ein kvit skodespelar med sminkefor å portettere ein svart person, fordi det ville vore moralsk forkasteleg. Men tilsvarande skjer heile tida i forhold til karakterar med funksjonshemming.

I FILMEN FREAKS frå 1932, regissert av Tod Browning, er situasjonen annleis. Browning har brukt ekte «cirkus freaks» for å spele rollene i filmen, der handlinga er sett til nettopp eit sirkus. Utgangspunktet for handlinga i filmen er at dvergen Hans (Harry Earles, også kjent frå The Unholy Three frå 1925) fell for den vakre Cleopatra (Olga Baclanova), ein trapesartist og ein av dei «normale» ved sirkuset. Cleopatra godtek Hans sine gåver, men gjer narr av han bak ryggen hans og har eit løynd fohold til muskelmannen Hercules. Når dei to oppdagar at Hans er rik, legg dei sjølvsagt ein ond plan. Cleopatra skal gifte seg med Hans og deretter verte kvitt han og sitje att med formua. Slik innleier no dvergen og skjønnheita eit offentleg forhold, som mange ved sirkuset openbert reagerer på. Det er faktisk «freaksa» som er mest negative til forholdet: «Cleopatra isn’t one of us», seier ein dverg, «we’re just filthy things to her».

I DEN BERØMTE bryllupsfest-scena er alle freaksa frå sirkuset samla, og dei er no klare til å akseptere Cleopatra som ein av dei. Men brura puttar ubemerka gift i glaset til sin brudgom. Medan bryllupsskålen vert sendt rundt byrjar dei alle å messe:

We accept her, one of us,
One of us, one of us,
We accept her, one of us…

DEN OVERSTADIG berusa Cleopatra reagerer med avsky. Når skålen kjem til ho, kastar ho begeret over forsamlinga og skrik «Freaks! Freaks!» Alle rømmer, og Cleopatra ber den no omtåka Hans heim på skuldrene, og han gøymer ansiktet sitt i skam. I dei fylgjande dagane forgiftar ho han jamnleg med «medisin», men snart vert Hans åtvara av sine vener. Hercules’ og Cleopataras plan er vorten gjennomskua, og no mobiliserer freaksa seg til eit motangrep. Ein mørk og stormfull aften
slår dei til…og på eit eller anna mystisk vis vert Cleopatra og Hercules sjølv forvandla til freaks, som me får sjå i filmens siste scener.

FILMENS BODSKAP, ikkje innhald, er det som har gitt filmen ei slik uheldig mottaking. Å påstå at dei deformerte var meir «normale» enn den ariske muskelmannen og trapesdronninga var rett og slett uhøyrt. Filmen var meir eller mindre usett inntil den 35 år seinare vart sett opp på Venezia-festivalen i 1967. I dag har filmen status som ein kult-klassikar og er ein typisk gjengangar ved filmklubbar verda over.

DEI STEREOTYPISKE trekkja assosiert med portrettering av funksjonshemming på film er ikkje tilstades i Tod Brownings film. Karakterane i Freaks er klar over at dei er annleis, men dei er ikkje isolerte og einsame, dei har tvert
imot eit stort fellesskap, gjort mogleg av deira funksjon innafor sirkuset. Dei er i forhold til filmen sine «normale» karakterar ikkje spesielt valdelege, men fell og utanfor den sjølvoppofrande rolla når dei handlar ut i frå sine eigne interesser. Dei
romantiske intrigene florerer, og undergraver ein kvar ide om at desse er «aseksuelle» vesen. Browning har rett og slett behandla dei deformerte karakterane som menneske – utan å ignorere deira spesielle posisjon i samfunnet.

FILMEN KAN SJÅAST som ei avpatologisering av det abnormale. I motsetnad til det samfunnet kanskje helst vil tru, har desse menneska eit givande liv innanfor dei rammene dei har vorte tildelte. Dei er i eit miljø der dei fyller ein funksjon. Når Freak Shows vart ulovlege på slutten av 1800-talet, fjerna det ikkje berre funksjonshemming frå offentligheita, det avskar òg i stor grad dei funksjonshemma frå å tene til livets opphald.

(Ein digresjon: I 2002 tapte den franske dvergen Manuel Wackenheim sin appell til FNs Menneskerettsdomstol etter sju års kamp mot forbodet mot dvergkasting. Wackenheim hadde hatt dette som levebrød og karriere, og meinte at rettane
hans vart undergravde. FN slo fast at forbodet heldt oppe lov og orden og hensynet til individet si verdigheit.)

MENTAL OG FYSISK funksjonshemming er framleis eit sterkt stigmatisert tema i dag, som m.a. vert reflektert i korleis populære filmar som dei nemnde tidlegare portretterer fenomenet. Både i produksjonmetodar og handlingsforløp
bidreg desse filmane til ei vidare stigmatisering og usynleggjering av personar med funksjonshemming. Kva som er fiktive spelefilmar si rolle i denne problemstillinga er ikkje opp til denne artikkelen å diskutere. Eg har forsøkt å vise korleis Freaks frå 1932 visar ein haldning til det bisarre som tillet funksjonshemming ei rolle som er realistisk, men positiv. Meir revolusjonær enn dei fleste seinare produksjonar, fyller den eit behov for å sjå det bisarre, men let òg det bisarre returnere blikket sitt mot oss.

KJELDER:

Werner Adrian (1997): Freaks: Cinema Of The Bizarre, (London: Lorrimer Publishers Ltd.).
FionaWhittington-Walsh: From Freaks to Savants: disability and hegemony from The Hunchback of Notre Dame (1939) to Sling Blade (1997) Disability & Society, Vol.17, No.6, 2002, pp. 695–707.
Emma Jane Kirby (2002): Appeal for «dwarf-tossing
» thrown out http://news.bbc.co.uk/2/hi/europe/2285348.stm (vitja: mai 2006).

Legg igjen en kommentar

Du må være innlogget for å kunne legge igjen en kommentar.