TREDJE SISTE: NÅR EN LITEN PIKE NEIER

tekst: MARIANNE KARLSEN + foto: INGERID JORDAL + aka@uib.no

NÅR EN LITEN PIKE NEIER

KaninMAKT. Noko som bind oss fast, hindrar oss. Ein elite, religiøse leiarar som hjernevaskar tilhengarane sine. Overgrep. Nokon som utnyttar og brukar sine posisjonar til å øydeleggja, eller å framheva seg sjølve på andre si bekostning.

FOR MAKT… det er noko dei mektige har, noko dei slemme har og noko som ikkje er til å ta på. Når staten set ned utval for gje oss ei makt- og demokratiutreiing, så ser dei på dei store linene og kven som bestemmer i vårt samfunn. Kven har makt i næringsliv, korleis er folket med å påverka, korleis kjem makta til uttrykk, osb.

FREDRIK ENGELSTAD var med i dette utvalet, og har skrive ei bok med det viktige spørsmålet: «Hva er MAKT?». Dei fyrste kapitla handla mykje om korleis ein definerar makt. Overraskande mange av dei gjekk på relasjoner mellom menneske, og eg feste meg ved denne, av Robert A. Dahl (Engelstad, 2005 s 19):

«A HAR MAKT over B i den grad A kan få B til å gjøre noe som B ellers ikke ville ha gjort.»

SÅ VISS EG får ein i mine omgjevnader til å gjera noko uventa, annleis enn han/ho plar, så utøver eg makt! Det treng ikkje vera ulovleg eller gale det eg får dei til. Personleg trur eg at eg ville sagt at eg hadde innflytelse eller hadde påverka dei litt. Å ha makt over nokon, det høyrest for skummelt ut!

DEI AV DYKK som har god sans for språk skjønar nok at overskrifta på dette stykket ikkje er mi eiga. Då hadde eg ikkje nytta bokmål, eller riksmål som det nok er, for det er henta frå eit av Andrè Bjerkes dikt, og han skreiv riksmål, lærte eg i norsktimane.

NÅR EN LITEN pike neier… Du ser det for deg, sant? Fin kjole, lett forventningsfull, søt… Ho har makt. Nei, det passar ikkje heilt.

«EG ER SÅ LITEN, eg. Eg forstår ikkje…» Eg høyrer forteljarstemma frå barne-TV og ser for meg situasjonen Albert Åberg var i. Han kjende seg utanfor, dei store fettrane og farmor spelte kort og han fekk ikkje vera med. Han tok hemn ved å eta opp alle småkakene i boksen. Den boka var utlånt då eg var på biblioteket, men det er eit godt døme på Dahls tese, for Albert fekk vera med dei store å spela kort til slutt. Kanskje Gunilla Bergström hadde makt og maktutøving i tankane då ho skreiv?

«JEG BUKKER uvilkårlig når ein liten pike neier.» skreiv Bjerke.

NO IDAG SKAL vi vera likestilte og frigjorte kvinner og jenter, og eg var med i KFUK-speidaren der det hette «Jenter fikser alt». Då vert vel det å spela på det feminint hjelpelause verre enn å banna i moskeen, eller for å seia det rett ut: heilagbrøde. Pappa har måla kjøkkenveggane mine og kjørt meg og pøet mitt frå ein hybel til ein annan. Kva fekk han att? «Vær så snill», «Tusen takk» og ein klem. Å leggja hovudet på skakke, smila forsiktig og kika blygt opp mot han me vil skal gjera det tunge og keisame… Det kan fungera det. Gjer deg sjølv litt hjelpelaus og sjå menn koma som bier til ei syltetøyskål.

KVA TITTELEN på Bjerkes dikt, som eg gang på gang har sitert, er? Den sterkeste.

KJELDER:
Andrè Bjerke: Slik frøet bærer skissen til et tre, Oslo, Aschehoug 1954.
Fredrik Engelstad: Hva er makt?, Oslo, Universitetsforlaget 2005.

Legg igjen en kommentar

Du må være innlogget for å kunne legge igjen en kommentar.