SOSIAL MAKT OG SOSIALE HIERARKI

Å VERKELEG FORSKE PÅ SOSIALE NETTVERK OG KORLEIS SOSIALE HIERARKI FUNGERER, ER – MED MINDRE TANKELESING VERT MOGLEG – EI UMOGELEG OPPGÅVE. DETTE ER IKKJE EIN VITSKAPLEG ARTIKKEL, MEN EIN UNDERHALDANDE, IRONISK TEKST. HEILE TEORIEN I SEG SJØLVE ER UVITSKAPLEG, ETTERSOM DEN VERKEN KAN VERIFISERAST ELLER FALSIFISERAST. LES DEN MED EI KLYPE SALT.

tekst: DANIEL VAGSTAD + aka@uib.no

SOSIAL MAKT OG SOSIALE HIERARKI

MEDAN DET i eldre tider innebar stor status og enorm makt å kunne lese og skrive, er det i dag ein like verdifull eigenskap å ha sosial makt, evna til å danne og oppretthalde sosiale hierarki. Dette er ei lita innføring i korleis desse sosiale hierarkia oppstår og fungerer. Fenomenet er vanleg i større venekretsar, spesielt i byar og andre relasjons-uoversiktlege stader.

AKKURAT SOM OLJA, er vener ein begrensa ressurs. Akkurat som det fins oljenasjonar som kontrollerer oljereservane, fins det visse mennesketypar som til ein stor grad kan kontrollere venereservane.
Allereie på barneskulen vil desse mennesketypane peike seg ut, gjerne med ei tilsynelatande medfødd evne til å skape sosiale relasjonar og knyte band.
Dei har kvalitetar som gjer at folk føler seg vel saman med dei, og dermed vil vere vener med dei, sjølv om desse typane gjerne har andre kvalitetar venene ikkje likar. Eit hierarki vert danna, der typen, no Kongen (eller Dronninga), står på toppen.

KONGEN VIL GJERNE ha ein relativt liten venekrets på planet under seg, som regel barndomskameratar. Desse kallar eg Presidentar. Dei kan krangle so busta fyk, både innbyrdes og med Kongen, men vil sjeldan eller aldri verte uvener på permanent basis. Det er sjeldan personar av motsett kjønn ber President-rolla.
Som ein hovudregel vil Kongen alltid ha mannlege Presidentar, medan Dronninga vil ha kvinnelege. Dette for å unngå unødvendige intrigar. Under desse igjen finn ein vener av Presidentane, Vener med stor V, som har vorte vener med desse under gleda av å vere godtekne av Kongen. Desse Venene er noko fleire i tal enn Presidentar, og vil omfatte menneske av begge kjønn. Dei kan i sin tur få seg nye vener (med liten v) som gjerne kan kome og gå, og som ikkje alltid treng å vere på godfot med Kongen.

ER EIT VELFUNGERANDE makthierarki fyrst danna, vil det halde seg i årevis utan at større endringar skjer. Kongen kan som sagt støyte ut eller ta inn både Vener og vener, men Presidentane står urørte, dei lojale medsamansvorne. Det kjem aldri nye Presidentar, og aldri forsvinn det nokon. I visse tilfelle er det Presidentane eller Venene som vil støyte ut eller ta inn vener, men Kongen har alltid siste ord i den saka.

KONGEN ER GUD. Kongen har makt til å definere kva som er inn og ut, kva som er sosialt akseptabelt og kva som er rett og gale. Treng han dame eller jobb, står hans undersåttar klare til å skaffe han det – om det so er begge delar på éin gong. Kongen vil i sin tur bruke sitt hierarkiske nettverk til å skaffe Presidentane og Venene same eller liknande frynsegoder. Seinare i livet kan Kongen vise seg å ha sterke psykopatiske trekk eller andre avvikande lidingar, men utan at dette skader hans renommé.
Medan han utviser nulltoleranse for slike tendensar på undersott-plana, vert slikt fullt akseptert av dei sjølve.

HAMNAR EIN i unåde hjå Kongen eller Dronninga, kan utfallet variere kraftig avhengig av om det er ein Konge eller ei Dronning ein har hamna i unåde hjå.
Medan Kongen i sjeldne tilfelle utfryser ein President, Ven eller ven permanent, skjer dette titt og ofte i Dronningas hierarki. Denne skilnaden botnar ut i at Dronninga har ein hyppigare tendens til å ynskje å demonstrere si enorme makt.

KONGEN ELLER Dronninga kan sjølv bestemme kor strikt regimet skal vere og kor stor grad av ”striktisme” det skal vere. Maksimal striktisme tyder at ingen får lov til å gjere seg til ven med framande utan eksplisitt løyve frå høgste hald. Moderat striktisme inneber at ein kan ta opp nye vener so mykje ein vil, men ikkje danne eit hierarki for seg sjølv.
Brot på den regelen vil under skjerpande omstende medføre permanent utfrysing.
Den sjeldnaste forma, og som helst vert unngått av Kongar og Dronningar, er liberal striktisme, der alle frå President til ven fritt kan danne nye hierarki for seg sjølv.

I SJELDNE TILFELLE kan konspirasjon førekome, som oftast i Dronningregimet.
Då er det vanlegvis Presidentane som seg i mellom vert samde om å fjerne Dronninga, anten på grunn av for streng eller for slakk striktisme – eller, i sjeldne tilfelle, på grunn av ryktespreiing om Dronninga. Etter at Dronninga er fjerna, er ho permanent utstøtt frå sitt tidlegare regime, og kan ingenting gjere for å kome inn igjen som ven, Ven eller President – langt mindre i si tidlegare Dronningrolle.
Ho er no ein Framand-gjort, utafor hierarkiet. Innfører den nye Dronninga maksimal striktisme, noko som ofte vert gjort, kan ingen i hierarkiet lenger snakke med ein Framand. Inndraging av frynsegoder vil førekome, og vedkomande står på bar bakke, overlete til ei dyster framtid der det er langt verre å danne eit nytt hierarki av Presidentar, Vener og vener.

Legg igjen en kommentar

Du må være innlogget for å kunne legge igjen en kommentar.