MAKTKAMPAR I VERDAS HOVUDSTAD

NAVN: SYNNE LAASTAD DYVIK
FAG: SAMANLIKNANDE POLITIKK

UANSETT KVA EIN SER PÅ SOM UTSLAGSGJEVANDE FOR Å OPPNÅ MAKT ER EIN TING SIKKERT; MAKTA RÅR. PÅ VERDSBASIS ER DET EIT LAND SOM UTMERKAR SEG NÅR DET ER TALE OM MAKT; DET HEGEMONISKE USA. DET VERT DÅ NATURLEG Å SPØRJE SEG, KVA ER MAKTFORHOLDA DER?

Å FORSTÅ maktkampane i amerikansk politikk er og viktig for å skjøne maktkampane i internasjonal politikk, noko som i siste instans og påverkar oss i Noreg. Det er nærast umogeleg å foreta ei seriøs vurdering av maktforholda i amerikansk politikk utan å snakke om sterke interessegrupper og mektige lobbyistar, men eg vil og påstå at Washington D. C. sine think tanks må inkluderast. Think tanks kallast på norsk tankesmier, og det ordet er så godt at eg vel å bruka det.

EI AMERIKANSK TANKESMIE består typisk av fleire institutt med ulike interesseområde, alt frå bustadspolitikk til utanrikspolitikk. Tankesmiene byrja som heller nøytrale forskingsinstitusjonar i 1920 åra, med Brookings Institution som den dominerande. Det som skulle visa seg å verta tilfelle, var at desse sentrumsorienterte organisasjonane etterkvart vart knytta sterkt opp til demokratane. Brookings forska, kom med forslag til løysingar og introduserte nye problemområde som demokratane ofte høyrde på.

DEI KONSERVATIVE i USA var lenge særs negative til makta tankesmier etterkvart opparbeida seg, og i 1973 innsåg dei at skal ein vinna må ein og vera med på spelet. Dei stifta Heritage Foundation som skulle visa seg å verta ei mykje meir ideologisk tankesmie enn Brookings, American Enterprise Institute eller nokon av dei andre hadde vore. Med sterke økonomiske støttespelarar, gode vener i det republikanske partiet og ein konservativ ideologi til grunn kasta dei seg inn i kampen for makt, og sjølve maktas høgsete; presidentembetet. Dei publiserte konservative artiklar og bøker over ein lav sko, utvida pressekontora sine, arrangerte konferansar og briefings som resulterte i at Ronald Reagan vart vald til president i 1980. Som takk kunne ein observere fleire som før hadde stått på Heritage si lønningsliste, som no vandra i maktas korridorar i Det Kvite Hus. Public Administration Times har estimert at heile to tredjedelar av dei politiske forslaga frå Heritage gjekk glatt igjennom hos Reagan i hans første periode.

SPELET OM MAKT i Washington dreiar seg meir og meir om prinsipp, og mindre og mindre om pragmatisme. Samtlege tankesmier har i meir eller mindre grad gjeve opp den opphavlege objektiviteten etter at Heritage kom på bana. Kampen mellom tankesmiene vert stadig tilspissa, og forskinga satt i baksete. Resultatet av dette er at ein av dei aktørane i amerikansk politikk som før var eit verdifullt akademisk tilskot, no er vorte redusert til det som nærast kan karakteriserast som interesseorganisasjonar for ulike ideologiar. Dei forskingsresultata som vert produsert i dei ulike tankesmiene er gjennomsyra av den ideologien som ligg til grunn. Asymmetrien som finns mellom dei konservative og dei meir liberale tankesmiene tilseier at det meste som vert produsert av forsking i Washington er av ein konservativ natur.

DET EIN ENDAR OPP med er eit politisk vepsebol kor maktkampen står mellom ideologiar, meiningar og prinsippfaste tankesmier som produserer den forskinga som sømar seg best i samsvar med den ideologien ein har vald. Ei ikkjeideologisk tilnærming til politikken og forsking er ikkje lenger interessant. Amerikansk politikk er blitt ein arena kor makta vert fordelt og kjempa om gjennom idear. Makta ligg korkje hos folket, dei pengesterke, dei kunnskapsrike eller politikarane; makta ligg i ideologien. Det er fyrst gjennom å sverja til ein ideologi at meiningar i eit polarisert Amerika kan komma til uttrykk, og menneske kan kjempa om makt. Makta rår, men vegen til den går gjennom ideologien.

KJELDER:

  • Rich. (2004) Think Tanks, Public Policy and the Politics of Expertise. Cambridge University Press, New York.
  • http://www.opendemocracy.net/democracy-think_tank/us_thinktanks_3137.jsp
  • Fisher, (1991): Country Report: American Think Tanks: Policy Elites and the Politicization of Expertise. From Governance: An International Journal of Policy and Administration. Vol 4. No. 3 July 1991.
  • Domhoff, Dye. (1987) Power Elites and Organizations. Sage Publications, Newbury Park, California.

Legg igjen en kommentar

Du må være innlogget for å kunne legge igjen en kommentar.